For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Høgskulen på vinnarlaget i nasjonal rektorutdanning

Fagleg ansvarleg professor Sølvi Lillejord
Fagleg ansvarleg professor Sølvi Lillejord

Høgskulen i Sogn og Fjordane skal dei fem neste åra gje leiaropplæring til nytilsette rektorar.

Regjeringa har for å styrkje kvaliteten i skulen bestemt at alle rektorar skal gjennomgå leiaropplæring i løpet av dei to første åra av rektorjobben.

Tilbodet som Høgskulen i Sogn og Fjordane er med på, har kome til i samarbeid med Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen, Norsk Lærarakademi, Universitetet i Bergen og konsulentselskapet PricewaterhouseCoopers AS.

Frå Høgskulen i Sogn og Fjordane si side samarbeider Avdeling for lærarutdanning og Avdeling for økonomi, leiing og reiseliv om tilbodet. Dette er eit resultat av den langsiktige satsinga på masterutdanning for skuleleiarar.

Tilbodet er bygt opp om fem temaområde:

  • Elevane sitt læringsresultat og læringsmiljø
  • Styring og administrasjon
  • Samarbeid og organisasjon
  • Utvikling og endring
  • Leiarrolla – ei heilskapleg utfordring

Fagleg ansvarleg for tilbodet er professor Sølvi Lillejord, som har tilknytting til både Universitetet i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Utdanningsdirektoratet fekk inn ni tilbod i konkurransen. Dei andre som fekk tildeling var Universitetet i Oslo og Handelshøgskolen BI med sine samarbeidspartnarar.

"Høg fagleg kvalitet, vår gode kontakt med skuleeigar og innsikt i utfordringane i skulen er vårt fortrinn i denne type konkurransar", seier rektor Åse Løkeland.


Sist endra: 20. april 2009 15:56:37