Leiing for velferd er eit skreddarsydd studium for den nye velferdsforvaltninga i Noreg. 16 deltakarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland har halde på i eit år. I oktober var dei samla på Schæffergården i København.
Innimellom harde økter med førelesingar og gruppearbeid spurde eg to av deltakarane kva dei tykte om studiet.
Kjell Sigbjørn Røssland, leiar for NAV Kvinnherad:
Eg synest studiet er grådig nyttig. Eg er relativt ny som leiar, hadde lite leiarerfaring før. Studiet gir veldig god hjelp og støtte i forhold til jobben eg gjer. Når ein blir sleppt laus som leiar, får ein lite støtte, og det er vanskeleg å vita om ein gjer det rette. Då er det fint å gå på studiet og sjå at eg ikkje er heilt av bana. Og det er veldig kjekt at det i hovudsak er vaksne, erfarne folk som er med. Me har kanskje vore spesielt heldige med gruppa, ho er ivaretakande og det er ”ein for alle og alle for ein”. Det er ikkje noko sjølvsagt.
Det må skytast inn at Kjell Sigbjørn er den einaste deltakaren på studiet som ikkje kjem frå Sogn og Fjordane, og sannsynlegvis den einaste som ikkje kjende nokon av dei andre frå før.
Hans Ole Færestrand, NAV Vågsøy, var einig i den positive vurderinga:
Kjempekjekt. Eg er ikkje leiar, men studiet har vore voldsomt nyttig. Alle medarbeidarane har ei rolle i organisasjonsutvikling. Dess fleire som kjenner til dette, dess betre er det for organisasjonen. NAV er i omstilling, og det å ha innsikt i kva mekanismar som fungerer slik eller slik, er veldig nyttig. Me greier å få meir perspektiv på ting, får meir tryggheit på at dei avgjerdene ein tek, er dei rette.
Leiing for velferd har eit omfang på 30 studiepoeng, og fagleg ansvarleg er Leif Longvanes.
Opphaldet på Schæffergården var støtta av Fondet for dansk-norsk samarbeid.
Sjå òg omtale hjå NAV.
Sist endra: 12. november 2008 09:51:23