For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fullt hus på Næringslivskonferansen 2011

Logo, næringslivskonferansen

Nesten 200 personar var innom dørane på Næringslivskonferansen i Sogn og Fjordane 2011. I tillegg følgde 100 andre med på direktesendinga på nettet.

Sjå næringslivskonferansen når du vil.

Konferansen hadde temaet "Kva kan vi lære av suksess?", og vart opna med kulturinnslag frå suksessen Eva & the Heartmaker. Programmet elles:

  • Innleiing v. Nærings- og handelsminister Trond Giske
  • "Et kunnskapsbasert Norge og Sogn og Fjordane" v. Inge Jan Henjesand i Abelia, Ingjerd Skogseig frå Vestlandsforsking og Johannes Idsø frå Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • "Hvem lykkes når vi lykkes" v. Managing Partner Erik Hagen i Viking Venture
  • "Hva kjennertegner ledere som har suksess, og hva kan vi lære av dem?" Professor Henrik Holt Larsen, Copenhagen Business School
  • Ei rekkje verksemder frå Sogn og Fjordane som har lukkast: Elis AS, Fosshaugane Campus, Førdefestivalen, Nordfjord Kjøtt AS og Coast Seafood AS
  • Paneldebatt
 

Konferansevert Margrethe Henden Aaraas intervjuar Eva Weel Skram og Thomas Stenersen i Eva & the Heartmaker

 

Les meir om konferansen.


Sist endra: 07. mars 2011 15:05:20