For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Framleis ledige plassar på Grunnopplæring i rusomsorg

Illustrasjonsfoto, hender

Er du assistent, miljøarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar som arbeider med pasientar/klientar med rusmiddelavhengigheit? Eit nytt kull startar i januar 2010.

Studiet er organisert som eit deltidsstudium på 15 studiepoeng over eit semseter.

Målet med studiet er å heve kvaliteten på tenester til klientar med rusmiddelproblem i direkte miljøarbeid. Studiet skal gjennom ei praksisnær tilnærming gi innsikt og ferdigheiter i miljøarbeid for assistentar og miljøarbeidarar innan rusomsorg, med utgangspunkt i deira realkompetanse.

Studiet er eit samarbeid med Rusmiddeletaten i Oslo kommune og Frelsesarmeen i Oslo. Det vart gjennomført ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2007 og 2008.

Les meir om Grunnopplæring i rusomsorg for assistentar og miljøarbeidarar


Sist endra: 06. januar 2010 14:43:24