I desse dagar blir 24 studentar uteksaminert frå HSF som det første kullet med denne utdanninga. Dei fleste har bakgrunn som assistentar, miljøarbeidarar og hjelpepleiarar.
Studiet har eit omfang på 15 studiepoeng og er eit samarbeid mellom Rusmiddeletaten i Oslo Kommune, Frelsesarmeen i Oslo og HSF. Det er finansiert gjennom fellesprosjektet: Kompetansespredning innen rusomsorgen i Norge der Rusmiddeletaten i Oslo Kommune og Frelsesarmeen i Oslo er sentrale aktørar.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har også bidrege med økonomisk støtte til utdanninga.
Bilde frå avisa Firda 27.mai 2008 |
|
|
Studentane evaluerer utdanninga svært godt og framhevar at det er viktig at ufaglærte får tilbod om kompetanseheving. |
Thomas Rygh frå Frelsesarmeen i Oslo, Sara Osland, prosjektleiar ved HSF og Kari Lie Danielsen, rusmiddeletaten i Oslo er nøgde med at 24 studentar har gjennomført studiet. |
|
Kort frå to av deltakarane: |
|
|
Linda Oppedal, sjukepleiar ved psykiatrisk klinikk i Førde Eg har hatt stort fagleg utbyte av kurset og kjenner at eg er blitt tryggare i jobben min. I sjukepleieutdanninga mi var det berre 6 timar undervisning om rus. Utdanninga har verka haldningsskapane og eg kjenner eit stort behov for å vidareformidle desse haldningane på arbeidsplassen min. Eg valgt å bruke midlar eg har fått frå Innovasjon Norge til denne utdanninga. |
|
|
Leif Larsen, miljøarbeidar frå Tronvik og tillitsvald for kullet Eg har fått nye innfallsvinklar og tenkjer meir over korleis eg møter og samtalar med pasientane. Det har vore positivt med studentar frå ulike delar av behandlingsapparatet. Dette fører til auka forståing for andre sine problem og utfordringar. Det er eit enormt behov for denne typen utdanning i fylket og fleire på min arbeidsplass vil gjerne ta utdanninga dersom den vert vidareført. |
|
Settedekan Marit Solheim og prosjektleiar Sara Osland ønskte studentane lukke til i det vidare arbeidet med menneske med rusproblem. |
|
|
Sist endra: 28. mai 2008 10:39:25