For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Er vindmøller langs norskekysten eit godt miljøtiltak?

Illustrasjonsfoto: Vindmøller

Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til seminar om vindmøller og landskap.

Kva er konsekvensane av vindmøller på natur- og kulturmiljø og på landskapet sin opplevingsverdi?

Den europeiske landskapskonvensjonen skal bevisstgjere samfunnet om dei verdiane som landskapet har.

Kommunane skal ta omsyn til biologisk mangfald og kulturmiljøet i sine arealplanar. Ny planlovgjeving innfører strengare krav til konsekvensvurderingar før ein tek i bruk nye areal til utbygging. Same lov inneber at store område kan bli bandlagde i nye omsynssoner.

Seminaret set fokus på viktige prioriteringar som politikarar og forvaltningsstyresmaktene møter når kommunane skal vurdere behovet for produksjon av meir fornybar energi opp mot omsynet til biologisk mangfald og landskap. Ei satsing på fornybar energi er arealkrevjande og samfunnet vil møte mange nye utfordringar og avvegingar knytt til bruk av areal.

Målgruppa for seminaret er kommunar, fylkeskommunar, politikarar, natur- og miljøvernorganisasjonar og studentar i landskapsfag, planfag og fornybar energi. Seminaret er gratis for studentar.

Informasjon og program for dagen (pdf)

Pris kr 950,- inkl. lunsj.

Påmeldingsfrist 25. mars. Lenkje til påmeldingsskjema.


Sist endra: 19. mars 2010 10:37:39