Skriv du brev eller e-post til studentane? Skriv du på HSF-veven? Har du ein finger borti studieplanane eller utvalssakene våre? Då er det lurt å uttrykkja seg klart og tydeleg, med eit godt språk som mottakaren forstår.
HSF Oppdrag set i gang Ta pulsen på språket, 15 studiepoeng, den 3.-4. november. Det er eit nyttig emne med svært gode evalueringar. Spesielt bør me administrative tilsette på høgskulen meistra det som vert teke opp i emnet. Til dømes den oppdaterte nynorske rettskrivinga, der dei fleste av oss har noko å læra.
Sist endra: 27. juni 2008 15:39:29