Lærarar på ungdomstrinnet får skreddarsydd vidareutdanning i engelsk.
Studiet er delt opp i to emne, kvart på 15 studiepoeng, med eksamen i første delen i desember og i den andre delen i mai/juni.
Fyrste samling var 31. august - 2. september i Sogndal. Resten av samlingane er måndag, tysdag og onsdag i veke 39, og måndagar og tysdagar i veke 43 og 47. Til saman vert det ti dagar i haustsemesteret. I vårsemesteret er det planlagt fire samlingar kvar på to dagar pluss ein studietur til Det norske studiesenteret i York i veke 17 og 18.
Studiet er gratis for deltakarane, og det er løyvd midlar til skuleeigar sine vikarutgifter. Midlane til kurset kjem frå Kunnskapsdepartementet gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet.
Bjørn Sørheim er fagleg ansvarleg, og han deler undervisninga med Nina Strømskag og Miroslaw Wiocek.
Lenkje til meir informasjon om studiet.
Sist endra: 07. september 2009 10:52:14