I perioden oktober 2004 til november 2008 har 250 kandidatar delteke på innføringsseminar rundt om i heile landet og gjennomført heimeeksamen ved HSF.
Norsk Forening for Kognitiv terapi (NFKT) er ansvarleg for organisering av undervisninga. HSF Oppdrag arrangerer heimeeksamen to gonger i året, i april og november. Innføringsseminar i kognitiv terapi er på 30 studiepoeng. Fagansvarleg er avdeling for helsefag v. Siv Iren Juklestad
Kva er kognitiv terapi?
Kognitiv terapi er ein modell for å forstå og behandle psykiske lidingar, der tankane våre får spesiell merksemd. Erfaring viser at tankane våre spelar ei betydeleg rolle i utviklinga og opprettholdelsen av psykiske lidingar. Behandlinga dreier seg difor om problemløysing og endring i tankar og handlemåtar. Den kognitive behandlinga tek utgangspunkt i kva vi tenkjer, og korleis dette verkar inn på kjenslene og handlingane våre. I behandlinga prøver ein å tenkje over den aktuelle situasjonen her og no. Fokuset er innlært tenking frå barndommen som verkar inn i dagleglivet. Kognitiv behandling kan nyttast i forhold til mange forskjellege psykiske lidingar, som for eksempel angstlidingar, depresjon, spiseforstyrringar og psykoser. Kognitiv behandling kan også ofte kombinerast med andre terapiformer.
Til høgskulen si heimeside for eksamen i kognitiv terapi
Sist endra: 09. desember 2008 09:50:58