Offentlege utgreiingar trekk i dag fram utfordringane med å imøtekomme behovet for brukarsentrerte, heilskaplege og koordinerte tenester til personar som lever med langvarige helseplager.
Ein får tilbakemeldingar frå pasientar om at samhandlinga ofte er dårleg. Dette er kanskje er den største utfordringa som helse- og omsorgstenesta står ovanfor i dag.
I dette forprosjektet skal ein planlegge eit prosjekt der tenestemottakarar, tenesteytarar og forskarar skal samarbeide gjennom heile forskingsprosessen. Prosjektgruppa skal vere med på å utvikle mål og metodar. Formålet er å evaluere eksisterande tenester og å utvikle nye tenester i forventa pasientforløp for personar som lever med langvarige og samansette lidingar. Det er førebels planlagt å inkludere diagnosegrupper som pasientar med kronisk lungesjukdom og hjartesjukdom. Det kan bli aktuelt å inkludere fleire pasientgrupper. Forprosjektet skal føre fram til søknad om eksterne midlar, vitskaplege publikasjonar og forslag til kvalitetsutvikling av tenestene.
Område der det er behov for kunnskap, og korleis prosjektet skal møte desse kunnskapsbehova:
Forprosjekt i planleggingsfase. Det er tett samarbeid med brukarar og leverandørar av helsetenester i spesialist- og primærhelsetenesta.