Får studentane utbyte av mastergradsutdanninga i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane? Resultat frå studiar tyder på at høgskulen leverer eit særs relevant studium.
Astrid Askildt, studieleiar for masterutdanninga i spesialpedagogikk, har saman med forskarar ved Universitetet i Oslo, sett på om utdanninga i spesialpedagogikk utrustar studentane til å møte arbeidslivet.
- Resultata syner at studiet er særs relevant, gjev studentane det dei treng for å takle arbeidslivet samstundes som studentane får trua på eigen kompetanse, seier Askildt. – Dei opplever også at det dei gjer har betyding, at dei hjelper born, unge og vaksne med psykososiale problem, legg Askildt til.
Forskingsgruppa har intervjua 139 ferdigutdanna studentar med master i spesialpedagogikk og fordjuping i psykososiale vanskar. Desse har studert ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Oslo, og Folkeuniversitetet i Buskerud, Vestfold og Telemark. Fordjupinga omfattar psykososiale vanskar i barnehage, skule og samfunn, mobbing og vald, nevrologisk relaterte vanskar og andre psykiske lidingar, omsorgssvikt og barnevern, rus- og kriminalitetsrelaterte vanskar.
- Både heiltids- og deltidsstudentane er godt nøgde og omtrent alle vil anbefale andre å gå på studiet, seier Askildt. Resultata tyder også på at fleire av studentane har gått frå å vere førskulelærarar til å bli tilsett i PPT-tenesta i kommunane, hjå spesialskular og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikkar. – Felles for dei fleste er at dei arbeider mykje med rådgjeving av born og unge, men også lærarar og foreldre, seier Askildt.
Sist endra: 22. november 2010 13:07:05