For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Trening gjev rusavhengige betre mental helse

Fysisk aktivitet fører til nedgang i depresjon for rusavhengige og folk med psykiske lidingar, syner studien Asgeir Mamen har gjennomført. Foto: Crestock
Fysisk aktivitet fører til nedgang i depresjon for rusavhengige og folk med psykiske lidingar, syner studien Asgeir Mamen har gjennomført. Foto: Crestock

Jogging, sykling, ballspel og fjellturar saman med personlege trenarar fører til nedgang i depresjon for rusavhengige og personar med psykiske lidingar. Det syner ein artikkel Asgeir Mamen har skrive i tilknyting til doktorgradsarbeidet sitt.

Gjennom 2003 til 2005 undersøkte han 33 pasientar ved Helse Førde som alle hadde diagnosar som omfatta stoffmisbruk og fleire psykiatriske diagnosar. I løpet av 11 månadar trena dei kvar mellom 150 og 500 timar med kyndig rettleiing frå personlege trenarar. Studien er publisert i European Journal of Sports Science i juli 2011.

- Det finst fleire studiar på samanhengen mellom fysisk og mental helse, men det er ikkje tidlegare gjort undersøkingar som har eit så skreddarsydd opplegg og som samstundes nyttar seg av moderne metodar for å måle fysisk form, fortel Mamen.

Mestringskjensla

Resultata frå studien syner ein liten framgang i kondisjonen til deltakarane. Den store framgangen er først og fremst på mental helse, der alle testane synte framgang. Åtte av pasientane flytta seg over i normalgruppa når det gjaldt depresjon, og like mange fekk låge utslag på angstskalaen etter behandlinga.

Samstundes såg Mamen at det ikkje var alle som hadde like stor framgang. Han delte dei i to grupper, dei som fekk betre oksygenopptak og ei gruppe som ikkje hadde noko betring. – Det er heilt tydeleg at dei som vart i betre form også er dei som har stor framgang i mental helse, fortel han.

Ut i frå tidlegare studiar har det vore vanskeleg å seie noko om det, mellom anna fordi det er brukt grovinndelingar på fysisk helse. - Den direkte målinga av oksygenopptak har verkeleg vore nyttig her. Samstundes står vi oppe i eit høna eller egget problem. Er det betring i fysisk form som fører til betre mental helse, eller gjer betre mental helse at ein har overskot og energi til å trene og slik kome seg i fysisk form, spør Mamen.

Han meiner det må forskast meir på området for å kome med klare svar, men sjølv hallar han mot at det er den fysiske forma som påverkar den mentale helsa. – For mange handlar det om meistring, det å få kjensla av at ein klarer noko, då kjenner ein seg gjerne betre i andre situasjonar også.

Kostnadseffektiv behandling

Før og etter behandlinga målte Mamen pasientane si fysiske form ved hjelp av maksimalt oksygenopptak og den mentale helsa vart undersøkt ved hjelp av fleire testar.

Deltakarane fekk etter kvart meir og meir ansvar for treninga etter kvart som tida gjekk. Rettleiarane motiverte til og under trening og kontrollerte intensiteten på øktene. Treninga var individuelt tilpassa, og bestod først og fremst av uthaldande styrke og generell uthaldenheit.

- Det er behov for å finne behandlingsmåtar som er effektive og samstundes rimelege. Funna frå studien tyder på at det var stor nedgang i depresjon og mentale lidingar for pasientane, livskvaliteten auka og forholdet til familie og vener vart betre. Samstundes såg vi at mange fekk betre oksygenopptak og betre resultat på dei fysiske testane, fortel Mamen.

Her kan du lese meir om artikkelen.


Sist endra: 08. november 2011 09:04:57