Målet med doktorgradsarbeidet er å styrkje kunnskapen om korleis sosiale og kulturelle forhold påverkar problemløysing og avgjerdsletaking i det kommunale barnevernet. Ynsket er å få fram det sosiale og kulturelle grunnlaget for barnevernsfagleg praksis og vise korleis meiningsinnhaldet i verdistandardar som ”barnet sitt beste” og ”god omsorg” blir skapt i profesjonskollektivet. Det empiriske datamateriale er henta frå feltarbeid og deltakande observasjon i tre ulike barnevernstenester i til saman eitt år.
Prosjektet ser nærare på desse problemstillingane:
Doktorgradsarbeid 2007 -