Dette prosjektet er ein del av det strategiske høgskuleprosjektet Lokal velferdsleiing i system under press (LVL). Delprosjektet tok til i 2008 og vart avslutta i 2010.
Prosjektet er lagt opp som ein samanliknande casestudie av informasjonsflyt og samordning mellom kommune- og spesialisthelsetenesta når den eldre sjukeheimspasienten blir lagt inn på sjukehus. I slike situasjonar er det viktig at relevant informasjon lir overført, då pasientane ofte har samansette lidingar og dei ikkje alltid kan gjere greie for seg.
Målet med prosjektet er å avklare kva som skjer mellom kommune- og spesialisthelsetenesta når den eldre sjukeheimspasienten blir lagt inn på sjukehus, og å forstå kva faktorar som avgjer kvaliteten på informasjonsflyten mellom dei to nivåa i helsetenesta. Studien er altså ein studie av vertikal samhandling mellom primærhelseteneste og spesialisthelseteneste. Seks sjukepleiarar frå to sjukeheimar og tre frå eit sjukehus er intervjua, og datamaterialet er analysert etter ei temasentrert tilnærming.
Funna viser at det i liten grad flyt informasjon med pasienten, og det vert i liten grad overført kunnskap om pasienten under sjukehusinnlegginga. Dette gjeld særleg informasjon om pasientens funksjonsnivå, sjølv om dette blir sett på som viktig og nødvendig. Informantane forklarar det med tidsmangel, manglande kontinuitet og kjennskap til pasienten, mangel på rutine og standard skjema, ufunksjonelle IT-løysingar, og individuelle faglege vurderingar. Overordna avtalar mellom tenestenivåa er på plass, men er ikkje kjent mellom dei som praktisk gjennomfører innlegging. Inntrykket er at sjukepleiarane som er intervjua ser ikkje seg sjølv som ein del av eit større system rundt pasienten. Det er funn som tyder på at status og makttilhøve påverkar samhandlinga mellom tenestenivåa, og ulike ideologiar verkar inn på kva som blir oppfatta som ”gyldig” kunnskap. Sjukepleiarane i dei to tenestenivåa står i ulike kontekstar og har ikkje den felles forståing og praksis for informasjonsflyt som ein skulle forvente ut frå felles utdanning.
LVL-prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd og Høgskulen i Sogn og Fjordane i fellesskap.
Delprosjektet er avslutta, men ein artikkel basert på funna frå prosjektet er under arbeid.