Doktorgradsprosjektet ser på korleis historiske, sosiale og kulturelle forhold verkar inn på korleis klientar vert forstått og møtt av sosialarbeidarar i det kommunale rusfeltet.
Kva diskursar sosialarbeidarane snakkar og handlar innafor påverkar både korleis dei ser og møter klienten og korleis dei set i verk ruspolitiske avgjerder.
Føremålet er å analysere fram rørsle og ulikskap i korleis sosialarbeidarane snakkar og handlar og slik medverke til auka kunnskap om korleis profesjonsutøvarar vekslar mellom ulike diskursar. Ved å analysere fram mangfaldet av posisjonar dei profesjonelle kan ha, vil eg søkje å løfte fram noko av det komplekse, dynamiske og motsetnadsfylte i profesjonsutøving.
Den overordna problemstillinga for studien er å undersøkje:
Høgskolen i Oslo og Akershus; Doktorgradsprogram i sosialt arbeid og sosialpolitikk.
Doktorgradsarbeid; 2011 – 2015.
Korleis møter sosialarbeidarane klientar med rusproblem?