Dette prosjektet studerer verknadene av å innføre parlamentarisme som politisk styringsmodell i norske fylkeskommunar. Parlamentarisme tyder at fylkesutvalet, der dei politiske grupperingane i fylkestinget er representerte i høve til styrken i tinget, blir erstatta av eit fylkesråd med støtte frå ei fleirtalsgruppering på fylkestinget. Etter at kommunar og fylkeskommunar fekk høve til å velje parlamentarisme som styringsform i 1993, har fire fylkeskommunar valt denne styringsforma. Tanken bak var at parlamentarismen skulle vitalisere lokal- og regionalpolitikken ved at dei politiske skiljelinene mellom posisjon og opposisjon vart tydelegare, og at ansvaret for politiske tiltak skulle bli tydelegare plassert. I prosjektet samanlikna vi fylka med parlamentarisme med eit utval kontrollfylke som har den tradisjonelle fylkesutvalsmodellen, for å finne ut kva verknader innføring av parlamentarisme har for den politiske styringa.
Funna tyder på at den politiske majoriteten styrkar si stilling med parlamentarisme. Makt og innverknad blir konsentrert i den politiske majoriteten, og særleg hos fylkesrådet. Politikarane meiner også at ansvarsplasseringa er blitt klarare. Andre endringar som i tid fell saman med innføringa av parlamentarisme, gjer at vi ikkje utan vidare kan seie at parlamentarismen åleine har ført til dette resultatet. Når det gjeld demokrati og legitimitet, kan vi ikkje sjå at parlamentarismen har hatt verknader for tilhøvet mellom det politiske systemet og samfunnet rundt. Politisk deltaking, engasjement og tillit til systemet er ikkje endra.
Ein tydeleg negativ konsekvens er at den politiske opposisjonen er svært misnøgd med korleis parlamentarismen fungerer. Mange i opposisjonen kjenner det politiske arbeidet som meiningslaust, og eit klart fleirtal av opposisjonspolitikarane ønskjer å avskaffe parlamentarismen. Misnøya skuldast dels indre tilhøve i fylkeskommunane, der komiteane i fylkestinget i liten grad fungerer som inkluderande politiske verkstader. Men den skuldast også at fylkeskommunane generelt har tapt politiske oppgåver og innverknad. Dermed blir det lite grunnlag for å skape og mobilisere politiske alternativ. I det lange løpet kan denne utviklinga undergrave legitimiteten til fylkeskommunen som politisk organ.
Målet for prosjektet er å svare på korleis overgangen frå formannskapsmodell til parlamentarisme har påverka:
Datainnsamlinga i fylka med parlamentarisme vart gjort i eit tidlegare fellesprosjekt mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Kommunenes Sentralforbund. Innsamling av data frå kontrollfylke og rapportering av samanliknande data i dette prosjektet er dels finansiert av interne fou-midlar, dels av eit oppdrag frå Akershus fylkeskommune. Samarbeidspartnar i prosjektet er Universitetet i Nordland.
Prosjektet vil bli avslutta med publisering av artikkel i vitskapleg tidsskrift i 2012.
Akershus er ein av fylkeskommunane som blir undersøkt i prosjektet.