Formålet med dette delprosjektet er å granske sambandet mellom leiing av profesjons-organisasjonar og læring mellom dei tilsette på grasrota slike organisasjonar.
Den overordna ramma er at velferdsorganisasjonane vert pressa når endra økonomiske, politiske og sosiale rammevilkår i det norske samfunnet vert handtert i form av ulike reformer, som igjen framstår som som utfordringar for leiarane på grasrotplan når dei skal omforme overordna krav til kollektive læringsutfordringar.
Delprosjektet rettar søkelys på korleis sambandet mellom leiing og læring kan forståast av dei som sjølve er leiarar i systemet. Dette er ei relevant omgrepsutvikling som eksplisitt kan binde saman to sett av tenkjemåtar som til vanleg ikkje vert sett i samanheng. Hovudhypotesen er at ulike reformer har styrka den formelle organisasjonens læringsansvar, men det ikkje er utvikla ei parallell leiarrolle som handterer dette på grasrotplan. Leiarar manglar eit omgrepsapparat som fortel korleis dei bind yrkesutøvarar med sterke forestillingar om eit profesjonsfellesskap til den formelle organisasjonen.
Arbeidet i del-prosjektet skjer på fleire måtar, men hovudsakleg gjennom to grep: Ved å utvikle eit overordna, teoretisk perspektiv på læring og leiing, og ved å samle data om grasrotleiarar i helse- og velferdssektoren som lærande leiarar. Gjennom det første grepet er også dette delprosjektet kopla saman med parallelle kompetanse- og kunnskapsutviklingstiltak ved HiSF.
Datannsamlinga i det konkrete delprosjektet skjer på to måtar: a) Gjennom ei rekkje masteroppgåver i organisasjon og leiing. Relevansen er at dei syner korleis leiarar kvalitativt arbeider med læringsspørsmål i helse- og velferdsorganisasjonar. b) Ein større survey, der relevansen er å syne omfanget av organiserte læringsaktivitetar i velferdsorganisasjonar