På mange område i helsevesenet er det eit sprik mellom den behandlinga forskinga seier at pasientane bør få og den behandlinga dei faktisk får.
Kvalitetsforbetring handlar om prøve å lukke dette gapet. Mange ulike tilnærmingar har vore brukt for å betre tilhøva, men ingen måte ser ut til å vere overlegen dei andre. Vi veit framleis lite om kva som verkar, kvifor det verkar, kva tid det verkar og i kva kontekst det verkar.
Prosjektet studerer i kva grad kvalitetsforbetring gir reelle og varige forbetringar som bidreg til å løyse helsetenesta sine overordna utfordringar knytt til effektiv ressursutnytting og kvalitet på tenesteproduksjon. Vi vil studere kva som må ligge til grunn for å lukkast med forbetringsarbeid samt kva faktorar som bidreg til å vedlikehalde forbetringane.
Problemstillingane vert belyst ved hjelp av eit konkret case, Helse Førde sitt prosjekt for å redusere talet på stryking av planlagde operasjonar. Årsaker til stryking av planlagde operasjonar er samansett, og skal ein få til ei forbetring må ein endre heile systemet, frå pasienten vert tilvist og til vedkommande er ferdig operert.
Vi ser nærmare på følgjande problemstillingar:
Prosjektet er eit PhD-prosjekt, Einar Hovlid er tilsett som stipendiat. Prosjektet er eit del-prosjekt under det strategiske høgskuleprosjektet Lokal velferdsleiing i system under press. Prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd og Høgskulen i Sogn og Fjordane.