Prosjektet er eit delprosjekt under NFR-prosjektet “Lokal velferdsleiing i system under press”.
Prosjektet har to delar, ein intervjustudie av kvalitetsfaktorar i demensomsorga og eit følgjeforskingsprosjektet: Ressursgruppe for demensråka pasientar og deira pårørande – eit tiltak for å betre omsorgstilbodet til demensråka som bur heime og deira pårørande i Førde kommune.
Det sentrale målet for prosjektet er å studere kva tilhøve som påverkar kvaliteten i omsorga for demensråka og deira pårørande. Tidlegare forsking viser at dei offentlege heimetenestene overfor demente manglar kontinuitet og at pasienten sine pårørande vert usynlege i utøvinga av tenestene.
Prosjektet tek utgangspunkt i at samspelet mellom offentlege og private hjelparar er sentralt for organiseringa av heimetenestetilbodet til pasientar med alderspsykiatriske lidingar. Eit system- og nettverksperspektiv som inkluderer den nærmaste familien, det private nettverket og offentlege aktørar vil bidra til ei betre forståing av dette området og til å lyfta fram kvalitetsaspekt ved tenestene som til no kan synast å ha vore ignorert. Eit slikt perspektiv vil bli utprøvd i følgjeprosjektet som utgjer fase to i delprosjektet.
Førde kommune
Prosjektet er eit del-prosjekt under det strategiske høgskuleprosjektet Lokal velferdsleiing i system under press.Prosjektperiode frå 2007 til 2011.
Toril Midtbø og Solveig Hauge: Når menneske vert "kalkulerbare ting" - om Skjervheim si tenking og geriatrisk helseteneste. Michael 7(2), 2010, 190-197.
Toril Midtbø og Gro Kvåle: Perspektiv på samspel, kontinuitet og kvalitet i omsorgstenester for pasientar med demens i heimetenesta. Norsk tidsskrift for sykepleieforskning 12(3), 2010, 37-47.