For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Høyanger tettstad 1915-2015

Det er snart 100 år sidan Høyanger vart industristad. Oppbygginga og utviklinga av Høyanger-samfunnet starta den 13. november 1915 då selskapet som skulle drive fram denne industrialiseringa vart skipa. I februar 1916 starta dei første arbeida inst i Høyangfjorden. Her ligg ei spennande og interessant historisk utvikling frå eit lite bondesamfunn til eit moderne industrisamfunn.

Om prosjektet

Sjølv om det er ei mangfaldig soge som kjem fram gjennom desse hundre åra, er det likevel ein del sentrale tema som vi meiner må koma fram i desse to banda. Det gjeld i første grad det samspelet som var mellom industrien, tettstaden representert gjennom kommunen og dei folka som budde der.

Industrisoga

Bandet om industrien vil i hovudsak handla om samspelet mellom industri/næringsutvikling og tettstadbygging. Linjene går attende til perioden 1890-1920 då den store forvandlinga tok til. Det handlar om stålverket som blei til ein aluminiumsfabrikk, utviklinga inn i gullalderen for norsk aluminiumsindustri, modernisering av arbeid og arbeidsliv.

Liv og lagnad gjennom hundre år

Den andre delen handlar om liv og lagnad i tettstaden i desse hundre åra. Det heile startar med eit jordbrukssamfunn som går inn i ein hektisk anleggsfase og over i ein etableringsfase. Her veks det fram eit samfunn som er teikna av arkitektar og ingeniørar i Oslo. Det nye arbeidslivet med skift skapte ein heilt annan kvardag enn det folk hadde vore vande med tidlegare.

Mål for prosjektet

Dei to binda tek føre seg ulike problemstillingar.

Bind I:

  • Korleis var prossesane og aktørane som førte til at det kom storindustri i ein avkrok av Sognefjorden?
  • Kva prega kampen om teknologisk modernisering, betre ytre miljø og arbeidsmiljø i perioden?
  • Korleis var samspelet mellom verket og kommunen i samarbeid om infrastruktur og velferdstenester?

Bind II:

  • Kven var innflyttarane som kom til Høyanger?
  • Korleis var bustadtilhøva og var det nokon skilnad på folk?
  • Korleis var den kvasse todelinga i samfunnet, innan arbeidsliv, kulturliv, kommunestyre, politiske parti, fagforeiningar, idrettslag?
  • Korleis var kvardagslivet i hus og heim? Leik, kallenamntradisjon og uorganisert fritid?
  • Kva kjenneteikna kulturlivet i Høyanger?
  • Kvifor slo den moderne ungdomskulturen tidleg gjennom i Høyanger?

Kontakt

Prosjektleiar:

Deltakarar:

Martin Byrkjeland