Prosjektet ”Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane” skal skriva historia til Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag. Arbeidet skal enda opp i eit publiseringsklart manuskript til eit verk på fire band.
Det blir eit forskingsbasert historieverk skrive for den historieinteresserte ålmenta, og det blir ei brei samfunnshistorie om Sogn og Fjordane. Verket vil både ta føre seg den økonomiske utviklinga, folketalsutviklinga, kulturelle og sosiale tilhøve, administrative endringar og viktige institusjonar i fylket. Det er viktig å gje ei samlande forklarande framstilling som integrerer ei rekkje sentrale historiske tema.
Eit gjennomgåande perspektiv vil vera samanlikning mellom andre fylke/regionar for å kartleggja særpreg og likskapar, og ikkje minst indre variasjon i fylket. Det blir viktig å analysera Sogn og Fjordane som identitetsfellesskap i lys av at det er eit ’ungt’ fylke som fyrst vart oppretta som Nordre Bergenhus amt i 1763 utan å ha vore ei samla eining tidlegare. Dette reiser både viktige spørsmål om indre einskap og spenningar. Viktig vil det òg vera å kartleggja årsakene til og konsekvensane av mangelen på eit historisk sterkt sentrum i fylket. I samanheng med dette vil òg dei ytre kontaktane og dei indre kommunikasjonane i det topografisk utfordrande fylket bli granska.
Verket vil vera kronologisk disponert. Dei fire banda er:
1. Frå den eldste tida til 1750
2. Tida frå 1750 til 1875
3. Tida frå 1875 til 1945
4. Tida etter 1945
Historikarmiljøet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har hovudansvaret for prosjektet og ansvaret for band 2, 3 og 4. Historikarmiljøet ved Høgskulen i Volda har ansvaret for band 1. Hovudredaktør og fagleg ansvarleg for prosjektet er professor Ola Svein Stugu (NTNU). Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, HiSF og HVO. Ein viktig bakgrunn for prosjektet er 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke i 2013.
Prosjektstart var 1. november 2011, og prenteklart manuskript skal vera klart 1. juli 2015.