For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Etterevaluering av Prosjekt ”Nye vegar”

Prosjektet ”Nye vegar” skal etterevaluerast. ”Nye vegar” vart sett i gong for å redusere arbeidsløysa i Høyanger kommune, og er eit samarbeid mellom NAV Sogn og Fjordane og Høyanger kommune.

Om prosjektet

Etter Fundo-konkursen i 2009 mista over 300 jobben. Ved prosjektstart i 2010 var det meir enn 100 langtidsledige i Høyanger. Prosjektet ville utfordre etablerte oppfatningar om korleis drive oppfølgings- og motivasjonsarbeid i NAV, og gjennom etterevalueringa ønskjer dei å få fram kunnskap om korleis dette har fungert.

Etterevalueringa er ei kvalitativ undersøking der vi går inn og ser på ulike sider ved prosjektet "Nye vegar", som organisering, metodikk og samarbeid. Vi hentar informasjon frå brukarar, tilsette, arbeidsmarknad og offentlege samarbeidspartar.

Evalueringsprosjektet er finansiert av NAV Sogn og Fjordane og Høyanger kommune.

Mål for prosjektet

Prosjektet skal få fram kunnskap om:

1) Kva faktorar ved prosjektet si organisering og metodikk som har bidrege til å gje verknad.

2) Kva arbeidsmåtar frå prosjektet som kan ha overføringsverdi til kommunar som kjem i liknande situasjon som Høyanger.

3) Kva arbeidsmåtar frå prosjektet som kan ha generell overføringsverdi til NAV-kontor i arbeidet med langtidsledige.

Status

Evalueringsprosjekt med ekstern oppdragsgjevar. Tidsperioden 1. september 2011 - 15. mai 2012.

har prosjektet "Nye vegar" redusert arbeidsløysa i Høyanger, eller må dei tidlegare tilsette i Fundo-konsernet stadig leite etter nytt arbeid?

har prosjektet "Nye vegar" redusert arbeidsløysa i Høyanger, eller må dei tidlegare tilsette i Fundo-konsernet stadig leite etter nytt arbeid?

Kontakt

Prosjektleiar:

Deltakarar: