For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Rettleiing av nyutdanna lærarar

Rettleiing av nyutdanna lærarar skal sikre ein best mogeleg overgang frå utdanning til yrke. Arbeidsgjevarar vert oppmoda om å ta kontakt med Høgskulen for fagleg kompetanse når dei skal etablere og utvikle kvalitet i rettleiingstilbodet.

Om prosjektet

Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda samarbeider om prosjektet ”rettleiing av nyutdanna lærarar”. Høgskulen har hausten 2011 kartlagt planar og program for nyutdanna lærarar i kommunane. HiSF tek utgangspunkt i kommunane sine planar, og analyserer korleis rettleiing av nyutdanna vert organisert og gjennomført. I kommunane er det i 2011 om lag femti nyutdanna lærarar. Sju lærarar har nyleg fullført rettleiarutdanning modul 1 og 2.

For å få til eit samarbeid med kommunane, har HiSF delteke på oppvekst- og utdanningsmøte med dei kommuneansvarlege. Vi har gjennomført gruppeintervju med dei nyutdanna rettleiarane, for å få innspel på korleis vi kan bruke rettleiarfunksjonen ute i kommunane.

HiSF ønskjer å rette merksemda mot temaet ”korleis rettleiing av nyutdanna lærarar kan medverke til utvikling av heile skulen og barnehagen”. HiSF skal i februar 2012, saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, arrangere regionale samlingar for rettleiarar utan rettleiarutdanning. Påmelding til rettleiingskurs.

I tillegg arrangerer vi fylkessamling i april 2012, eit tilbod til både rettleiarar, nyutdanna lærarar og kommuneansvarlege.

Parallelt med prosjektet tilbyr HiSF også utdanning av rettleiarar for nyutdanna lærarar (modul 1 og modul 2, 15 + 15 studiepoeng). Nytt opptak vert gjennomført våren 2012, med oppstart september 2012

Mål for prosjektet

  • At alle kommunar, skular og barnehagar skal ha utvikla planar for rettleiing av nyutdanna lærarar, med grunnlag i forskingsbasert kunnskap på området.
  • At alle nyutdanna lærarar i Sogn og Fjordane skal få oppfølging som inkluderer både individuell- og grupperettleiing. Rettleiar skal vere ein erfaren lærar / førskulelærar med kompetanse i rettleiing.
  • At rettleiing av nyutdanna lærarar skal medverke til kvalitetsutvikling i skule og barnehage.

Samarbeidspartnarar

Nyutdannede, Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Status

Prosjektet har midlar frå Utdanningsdirektoratet fram til 2014.

Kontakt

Prosjektleiar:

Deltakarar: