Emnet grunnleggjande ferdigheiter er eit relativt nytt emne i grunnskulelærarutdanningane (GLU 1-7 og GLU 5-10). Vi opplever at det er diskusjon og ulikskapar blant lærarutdannarar både om skildring og oppfatning av emnet, og korleis det skal arbeidast med emnet i GLU-utdanningane. Forskingsspørsmål: Kva kjenneteiknar lærarutdannarar knytt til GLU si skildring av grunnleggjande ferdigheiter?
Målet med vårt prosjekt er å kartleggje lærarutdannarar sine oppfatningar av omgrepet grunnleggjande ferdigheiter i grunnskulelærarutdanninga i norsk lærarutdanning, og med det seie noko om korleis ein tenkjer om, og korleis det vert arbeidd med emnet i grunnskulelærarutdanninga. Dette vil vi gjøre gjennom eit empiribasert forskingsprosjekt som både går inn i forskingsnettverket ”Pedagogikk, fagdidaktikk og leiing i skulen” i UH-nett Vest si satsing på lærarutdanningsforsking, og som har eit klart læringsforskingsperspektiv. Prosjektet vil gi ny kunnskap om korleis emnet grunnleggjande ferdigheiter vert oppfatta av dei som underviser i GLU-utdanningane og korleis det vert arbeidd med i desse utdanningane, og vere eit kartleggjande utgangspunkt for utvikling av større (og kanskje meir normativt retta) prosjekt knytt til grunnleggjande ferdigheiter i GLU-utdanningane, og/eller vidare deskriptivt baserte prosjekt knytt til lærarutdannarane i norsk lærarutdaning.
Internprosjekt HiSF-ALI
Internprosjekt HiSF-ALI, både for publisering og intern utvikling av GLU-utdanningane ved HiSF.
Eirik S. Jenssen, HiSF-ALI
Frode Olav Haara, HiSF-ALI