Prosjektet blir gjennomført i ei prosjektgruppe under Helse Førde sitt lærings- og meistringssenter, og er samansett av brukarar og helsepersonell i spesialist og primærhelsetenesta.
Det er ein intervensjonsstudie, der intervensjonen er ein informasjonsperm som går mellom ulike aktørar og etatar i helsevesenet og mellom brukar og helsepersonell. Permen er meint å betre kommunikasjonen mellom dei involverte partane. Data blir samla inn før og etter intervensjon ved hjelp av spørjeskjema og det blir brukt fokusgruppeintervju med helsepersonell, pasientar og pårørande før intervensjonen. Analyse med deskriptiv statistikk og kvalitativ innhaldsanalyse.
Å utvikle ein kommunikasjonsperm til bruk for personar som får langtidsoksygenterapi og for helsepersonell på ulike nivå i helsetenesta. Prosjektet skal bidra til ei meir heilskapleg behandlingskjede for omsorg, oppfølging og behandling av personar som får langtids oksygenterapi i Sogn og Fjordane.
Førundersøking med data frå brukarar og helsepersonell er gjennomført. Intervensjonen er under implementering frå desember 2011. Evaluering er planlagt siste halvdel av 2012.