Dette prosjektet er eit strategisk høgskuleprosjekt. Prosjektet tok til i 2007 og skal avsluttast ved utgangen av 2012, og inkluderer fleire delprosjekt. Desse er også omtala under fou-prosjekt.
LVL- prosjektet har samla deltakarar frå tre av høgskulen sine avdelingar: Avdeling for helsefag, avdeling for samfunnsfag og avdeling for økonomi, reiseliv og leiing. Samordningsansvaret for prosjektet har lege til fagmiljøet i organisasjon og leiing. Prosjektet er sett saman av ei reke delprosjekt knytt til fire ulike deltema. Dessutan har prosjektet etablert ein fagleg samarbeids- og utviklingsarena som har vore open også for andre tilsette ved HiSF som forskar på leiing og organisering av helse og velferd. Rundt 15 personar har delteke på aktivitetane i regi av Arena LVL. Til Arena LVL har ein henta inn ekstern spisskompetanse, og deltakarane har fått høve til å presentere og få kommentarar på forskinga si.
Prosjektet har to hovudmål. Det faglege hovudmålet er å avklare vilkåra for og mulighetane til lokal leiing i helse- og sosialsektoren. Sentrale delmål er
Det strategiske hovudmålet er å utvikle fagmiljøet i helse- og sosialleiing ved HiSF. Eit sentralt delmål har vore å utvikle ein fagleg fellesarena og eksterne nettverk for fagmiljøet ved HSF, og å utvikle fou-basert undervisning og læring ved masterstudiet i organisasjon og leiing. I prosjektperioden har det såleis vore fleire årlege fou-seminar, og det er rettleidd rundt 20 masteroppgåver med tema som er relevante for prosjektet.
Prosjektet er samansett av delprosjekt knytt til fire tema. For faglege resultat og publikasjonar kan ein lese omtalen av kvart delprosjekt.
Eit teoretisk perspektiv på læring og leiing (Øyvind Glosvik)
Grasrotleiarar i helse- og velferdssektoren som lærande leiarar (Øyvind Glosvik)
Kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid i spesialisthelsetenesta (Einar Hovlid, PhD-avhandling)
Informasjonsflyt mellom sjukeheim og sjukehus (Marta Strandos, masteroppgåve)
Kvalitetsarbeid i pleie- og omsorgstenestene (Hanne-Marie Heggdal, masteroppgåve)
Kontinuitet som kvalitetsfaktor i demensomsorga (Toril Midtbø, Gro Kvåle)
Dei lokale NAV-leiarane sitt handlingsrom (Leif Longvanes, Magne Eikås)
LVL-prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd og Høgskulen i fellesskap. Løyvinga frå forskingsrådet er rundt 6 millionar kroner, medan HiSF har medverka med nær 4 millionar.
Prosjektet vil bli avslutta ved utgangen av 2012. Nokre av delprosjekta er allereie avslutta, sjå eigne omtalar av desse.Når det gjeld det strategiske delmålet, utvikling av fagleg kompetanse, har prosjektet så langt resultert i eit dosentopprykk, eit førstelektoropprykk og to mastergrader. Eit PhD-arbeid er framleis i gang.
Publiseringar frå dei ulike prosjekta finst under kvart enkel. Ein oppsummerande antologi frå prosjektet er under planlegging.
Prosjektet tek føre seg problemstillingar knytt til vilkår og muligheiter til lokal leiing i helse- og sosialsektoren.