For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Livsstilsbehandling av sjukleg overvektige

Livsstilsbehandling av sjukleg overvektige på Hauglandssenteret

Om prosjektet

Fysisk aktivitet aukar energiforbruket og er difor ein viktig del av ulike livsstilsendringsprogram for å redusere overvekt. I ulike intervensjonsstudiar finn ein likevel lite prov for at fysisk aktivitet fører til vektreduksjon. Dette er lite undersøkt for sjukleg overvektige, det vil seie dei som har ein kroppsmasseindeks over 35. For denne gruppa er bariatrisk kirurgi anbefalt.

Bariatrisk kirurgi betrar imidlertid ikkje fysisk form, noko som er ein viktig faktor for helse og levetid. Fysisk aktivitet kan påverke fysisk form og såleis vere gunstig uavhengig av endring i vekt. Fysisk aktivitet og fysisk form kan vidare betre livskvalitet og redusere risiko for sjukdom. Studien, Fysisk aktivitet, fysisk form, livskvalitet og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom hjå personar til livsstilsbehandling for sjukleg overvekt ved Hauglandssenteret, blir gjennomført som to doktorgradsarbeid.

Denne studien undersøkjer korleis fysisk aktivitet påverkar endring i vekt, fysisk form, livskvalitet og risikofaktorar for sjukdom over to år hjå sjukleg overvektige kvinner og menn som deltek i eit livsstilsendringsprogram. Utvalet er pasientar som får behandling ved Hauglandssenteret og ei kontrollgruppe. Det blir samla inn demografiske data, data om oksygenopptak, morfologi, fysisk form, fysisk aktivitet og blodverdiar.

Mål for prosjektet

Kva effekt har fysisk aktivitet; mengd, frekvens, intensitet og mønster, gjennom eit to-årig livsstilsbehandlingopplegg hjå sjukleg overvektige på:

  • Kroppsvekt, midjemål, feittmasse og feittfri masse?
  • Fysisk form; maksimalt oksygenopptak, fysisk funksjon?
  • Risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom; blodtrykk, subgrupper av lipoprotein, glukose, insulin, inflammasjonsfaktorar og metabolsk profil?
  • Livskvalitet; global – og helserelatert livskvalitet?

Samarbeidspartnarar

Norges Idrettshøgskole og Universitetet i Bergen

Status

Doktorgradsarbeida er planlagt avslutta i 2014.

Kontakt

Prosjektleiar: