Prosjektet om heilskapstenking for betre helse er eit fireårig tiltak i Førde kommune.
Prosjektet skal legge til rette for auka kulturaktivitet blant eldre, både i og utanfor institusjon. Eit anna mål er at studentar og elevar skal tileigne seg eit kulturelt perspektiv på sin utøving av faget. Den sentrale arena for prosjektet Kultur og Eldre er Førde Helsetun. Ein del av kulturtiltaka blir av den grunn arrangert i lokala til institusjonen.
Evalueringsprosjektet ser for det første på ulike sider ved prosjektet.
Evalueringsprosjektet skal deretter gå inn på eit konkret tiltak: Førde Seniorkor.
Koret har sine øvingane i lokala til Førde Helsetun og er eit ledd i å utvikle Førde Helsetun som ein samlande kulturarena for dei som bur ved institusjonen, for tilsette og folk elles i kommunen og distriktet.
Metode: Eit utforskande design med deltakande observasjon, kvalitative intervju (individuelt og i grupper).
Prosjektet er eit samarbeid mellom Førde Kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune v/senter for musikkterapi og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Den første artikkelen blir publisert i januar 2012.