Einsemd vert betrakta som eit universelt fenomen; ein del av den menneskelege erfaringa frå kvardagslivet (Rokach 1988; Dahlberg 2007). Weiss(1973)meiner at det er to typar einsemd; sosial og emosjonell einsemd. Det synes også å vere samanheng mellom einsemd og høg alder, i ei livsfase ein ofte finn skrantande helse, kognitiv svikt, og tap av arbeid og livspartnar( Ernst & Casippo1999; Rokach, Matalon, Rokach & Safarow 2007).
Eldre som lever med kroniske sjukdommar har ofte hyppige sjukehus innleggingar som kan vere ei ekstra påkjenning og gi auka emosjonell og sosial einsemd. Det er difor av interesse å undersøke fenomenet einsemd blant kronisk sjuke eldre, innlagde på sjukehus.
Prosjektet skal beskrive einsemd og utforske meiningsinnhaldet i einsemd hjå ei gruppe eldre pasientar innlagde i sjukehus.
Dette er ein deskriptiv og utforskande studie der ein nyttar sokalla ”mixed methods” (Tashakkori & Creswell 2009). Studien bygger på tidlegare innsamla data. Det vert nytta to utval - 101 eldre pasientar innlagde på sjukehus med kronisk sjukdom, og 68 friske eldre. Forutan demografiske variablar bruker vi måleskalaen Social Provision Scale (SPS), og eit enkeltspørsmål om dei opplever einsemd. SPS dataa er delte i to utval; dei som opplever einsemd og dei som ikkje gjorde det.
Dei eldre som opplever einsemd har fortalt sine historier, og så har dei sjølve samanfatta desse til korte setningar. Vi bruker kvalitativ innhaldsanalyse for å analysere dei eldre sine utsegn.
Prosjektperiode 2011-2012.