For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Kan jordskred varslast?

For å forstå kva faktorar og forhold som fører til at dalsider vert ustabile har me sett ned måleinstrument i ei skredutsett dalside i Anestølen i Sogndalsdalen.

Om prosjektet

Her vert ulike eigenskapar, som jordfuktigheit i ulike nivå, poretrykket, temperatur i grunnvatnet og i jorda i jorda målt kontinuerleg. Målingane går gjennom heile året og overført med radiosignal til ein klimastasjon. Klimastasjonen registrerer nedbør, snødjup, vind og lufttemperatur. Alle data vert så overført til ein datamaskin via mobilnettet. I kritiske situasjonar kan me difor følgja med på utviklinga i skråninga frå minutt til minutt frå datamaskina på kontoret.

I framtida er det forventa større nedbørsmengder som vil føra til auka fare for jordskred. Greier ein å forstå meir av dette kompliserte systemet vil ein kunne utvikla metodar for å varsla fare for jordskred på eit regionalt nivå.

Mål for prosjektet

Delmål med prosjektet:

  • Å betre forstå samspelet mellom jord, vêr og klima og korleis dette varierer gjennom året
  • Finna fram til vêrsituasjonar og parametrar som er mest kritisk for utløysing av jordskred
  • Testa ut modellar som kan brukast til å berekna transporten av grunnvatn gjennom skråninga

Status

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og HiSF og er ein del av NVE-prosjektet: Beslutningsverktøy for varsling av løsmasseskredfare.

Klimastasjonen måler snø, nedbør, temperatur og vind. Den mottek også alle data frå målestasjonane i dalsida. Alle data vert sendt via mobilnettet til ein datamaskin.

Klimastasjonen måler snø, nedbør, temperatur og vind. Den mottek også alle data frå målestasjonane i dalsida. Alle data vert sendt via mobilnettet til ein datamaskin.

Kontakt

Prosjektleiar:

Deltakarar: