Anne Marie Sandvoll og Eli Natvik presenterte kvar sitt forskingsarbeid i Oxford på den 30. International Human Science Research Conference.
Natvik og Sandvoll er frå fagmiljøa i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
300 deltakarar frå 30 land var samla i den historiske universitetsbyen Oxford for å utforske meining og erfaring i kvalitativ forsking. Deltakarane hadde sin bakgrunn frå ulike fagfelt som psykologi, pedagogikk, sosiologi og helsefag. Temaet for årets konferanse var "intertwining body-self-world", med fokus på utfordringane ein møter når ein forsøker å utforske grenseovergangane mellom kropp, individualitet/personlegdom og den sosiale verda. Programmet var tett og variert med mange interessante parallellsesjonar å velje mellom.
PhD Stipendiat Anne Marie Sandvoll presenterte ”Unexpected incidents versus daily routines - challenges for nursing practice”. Innlegget var utarbeidd i samarbeid med rettleiarane Solveig Hauge og Kjell Kristoffersen. Presentasjonen til Sandvoll tok utgangspunkt i feltnotat frå deltakande observasjon i sjukeheim, sett inn i og diskutert ut i frå ei teoretisk forståingsramme.
– Eg var svært interessert i å få til ein diskusjon med tilhøyrarane i høve data som eg la fram, noko eg tykte eg lukkast med. Det var utruleg kjekt. I tillegg fekk eg andre verdifulle innspel eg vil ta med meg vidare i arbeidet, fortel Sandvoll.
Fysioterapeut Eli Natvik sin presentasjon hadde tittelen “Profound change in perceived health and participitation in daily life: Long-term experiences after bariatric surgery”. Dette gjorde ho i samarbeid med hovudrettleiar Målfrid Råheim.
– I dette forumet var det høve til å legge hovudtyngda i presentasjonen på måten eg har brukt kroppsfenomenologien til å forstå og utdjupe deltakarane i studien sine erfaringar. Det var ei interessant erfaring i seg sjølv, og kommentarar og spørsmål frå tilhøyrarane gav inspirasjon og noko å arbeide vidare med, fortel Natvik.
Heile arrangementet føregjekk på St. Catherine’s College, og dei fleste deltakarane budde på Campus, noko som gav eit lite innblikk i livet i universitetsbyen.
Sist endra: 15. august 2011 13:39:35