For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Pasientsentrert rehabilitering det beste

Systematisert oppfølging frå helsevesenet er viktig også etter rehabiliteringa, fortel KOLS-pasientane.
Systematisert oppfølging frå helsevesenet er viktig også etter rehabiliteringa, fortel KOLS-pasientane.

KOLS-pasientar opplever store endringar i helsa. Førsteamanuensis Anne- Grethe Halding har forska på korleis KOLS-pasientane handterer sjukdomen. Funna støttar opp under trendar om pasientsentrert rehabilitering.

Artikkelen er publisert online i Nursing Inquiry, og er ein av artiklane ho har levert som del av doktorgradsavhandlinga, om KOLS-pasientar sine erfaringar i kvardagslivet og rehabiliteringsprosessen. Artikkelen er skriven saman med rettleiaren Kristin Heggdal frå Universitetet i Oslo.

Krevjande sjukdom

- Berre det å skulle ta vare på seg sjølv og handtere sjukdomen krev mykje av dei. Lungerehabilitering er ein anbefalt måte for å legge til rette for god overgang til eit vanleg daglegliv med KOLS, fortel Anne- Grethe Halding.

I studien har ho intervjua 18 pasientar om deira erfaringar under og etter rehabilitering. Pasientane skildra lungerehabiliteringa som ein periode der dei såg lysare på sjansane for auka velvere og betra helse. Etter rehabiliteringa var fokus først og fremst å utforske moglegheitene og samstundes innrømme avgrensingane som sjukdomen la på kvardagslivet. Pasientane la vekt på at det er viktig å ha ei viss systematisert oppfølging frå helsevesenet også etter gjennomgått rehabiliteringskurs, for å kunne vedlikehalde positive endringar frå denne tida.

Les meir om studien her.


Sist endra: 08. september 2011 13:20:54