For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Matthias Paetzel redaktør for internasjonal bok om fjordar

Forsking på Sognefjorden gjer at forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane stiller seg kritiske til påverknaden CO2-utslepp har på klimaendringane.
Forsking på Sognefjorden gjer at forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane stiller seg kritiske til påverknaden CO2-utslepp har på klimaendringane.

Paetzel har i tillegg til redaktørjobben også bidrege på tre av artiklane i boka. Med utgangspunkt i forsking frå fjorden stiller han seg kritisk til at CO2-utslepp får skulda for klimaendringane.

- Saman med biolog Torbjørn Dale har eg studert Sognefjorden og Barsnesfjorden. Sediment eller avleiringane i fjordane ser ut til å kunne fortelje korleis klimaet har vore og endra seg i løpet av dei 20 til 100 siste åra, seier Paetzel. Artikkelen deira er no tilgjengeleg i boka “Fjord Systems and Archives”. Sogn Avis fatta også interesse for boka og arbeidet dei to ved høgskulen har lagt ned.

Fjordane fortel om klima

Data som er samla inn i fjorden syner ein klar samanheng med faktorar som skydekke, solaktivitet, temperatur og liknande, dei siste 20 åra. - Fjordane eignar seg godt til å seie noko om klimaendringar. Vi har berre sett på det i ein lokal kontekst, men vi trur det stemmer i eit større perspektiv også, legg Paetzel til.

Forskinga deira peikar også i retning av at det er andre faktorar enn CO2-utslepp som er årsaka til klimaproblema. – I klimadebattane blir CO2-utslepp stadig trekt fram som den store syndaren; våre funn tyder på at det også er andre faktorar som spelar inn, seier Paetzel. Han meiner dette må granskast nærare, noko han sjølv aktar å følgje opp.

Internasjonal bok

Matthias Paetzel har også bidrege i arbeidet med ein oversiktsartikkel og innleiingsartikkelen i boka. Som redaktør har han også vore sterkt involvert i arbeidet med innsamling og gjennomarbeiding av dei andre artiklane i boka.
- Det har vore viktig for oss å få ei så god bok som mogleg. Referee review, eller den faglege vurderinga av alle artiklane er tidkrevjande, men nødvendig for å sikre kvaliteten, seier han om prosessen som har teke om lag to år.

Forskingsbasert undervisning

- Utan studentane ved “From Mountain to Fjord”, så hadde det kanskje ikkje blitt noko artikkel om Barsnesfjorden og Sognefjorden, seier Paetzel. Det var studentar ved dette studiet som samla inn det meste av datamaterialet som Paetzel og Dale har brukt i forskingsartikkelen. – Det er slik høgskulen får god forskingsbasert undervising. Studentane fekk høve til å hjelpe til med forskinga og etterlet seg synlege spor i form av artikkelen i boka, avsluttar Matthias.

Arbeidet med boka kom i gang etter verdskonferansen i geologi i 2008, som då vart halden i Noreg og hadde fjordar som eit av emna. Boka med 25 artiklar tek for seg fjordar rundt om i heile verda, men Matthias Paetzel og Torbjørn Dale sin artikkel er den einaste som handlar om fjordar i fastlands-Noreg.
Les meir om boka her.


Sist endra: 23. august 2011 13:18:04