For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Kulturkrasj mellom sjukepleiarar

For sjukepleiarar på sjukeheimane er omsorg ein leiiande ideologi, medan behandling er viktigare for sjukepleiarane ved sjukehusa. Ei masteroppgåve frå Høgskulen i Sogn og Fjordane ser nærare på kultur, makt og kompetanse i lys av samhandlingsreforma.
For sjukepleiarar på sjukeheimane er omsorg ein leiiande ideologi, medan behandling er viktigare for sjukepleiarane ved sjukehusa. Ei masteroppgåve frå Høgskulen i Sogn og Fjordane ser nærare på kultur, makt og kompetanse i lys av samhandlingsreforma.

- I mange situasjonar utvekslar ikkje sjukepleiarane på sjukeheimen og sjukehuset informasjon, noko som kan gå ut over pasienten, seier Marta Strandos om funna i si masteroppgåve.

Ho har undersøkt to sjukeheimar i kvar sin kommune, som soknar til same sjukehus. Der har ho intervjua til saman ni sjukepleiarar om korleis informasjonsflyten og samhandlinga fungerer når sjukeheimspasienten blir lagt inn på sjukehus.

Strandos held til på avdeling for Helsefag, og har skrive oppgåva som eit ledd i prosjektet Lokal velferdsleiing. Eit prosjekt høgskulen har delteke i sidan 2007 og som er finansiert i samarbeid med Noregs forskingsråd.

Viktigare med samhandling

- Det er veldig lite skrifteleg informasjon som blir med pasienten frå sjukeheim til sjukehus. Spesielt er det overraskande at informasjon om pasienten sitt funksjonsnivå, som ernæring og aktivitetsnivå, ikkje systematisk blir rapportert. Dette er viktig og nødvendig kunnskap, seier Strandos.

Sjukepleiarane i studien har først og fremst hatt omsorg for pasientar med samansette lidingar. 70 – 80 % av sjukeheimspasientar har mental svikt og blir behandla for fleire diagnosar. Desse pasientane treng mykje hjelp og klarer ikkje sjølve å formidle eigne behov eller kva tilstand dei er i. Samhandling mellom sjukepleiarane blir difor essensielt for at kritisk informasjon føl pasienten.

Påverkar samarbeidet

I 2012 skal samhandlingsreforma i helsetenestene innførast. Målsettinga med den er mellom anna å styrke samarbeidet mellom sjukehuset og kommunane. I planane som ligg føre for reforma er det likevel lite fokus på emnet Strandos har forska på. Samhandlingsreforma tek spesielt føre seg overordna rammer som finansiering, lovverk og oppgåvefordeling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Den har mindre fokus på korleis forhold i organisasjonane, som kultur, makt og kompetanse kan verke inn på samhandlinga.
- Offentlege dokument og tidlegare forsking legg i stor grad vekt på samhandling rundt utskriving av pasientar frå sjukehus til kommunehelsetenesta, men kva skjer når ein skal samhandle rundt innlegging? Informasjonen som går andre vegen, frå kommune til spesialisthelsetenesta, er minst like viktig, understrekar Strandos.

Fleire årsaker

Sjukepleiarane som Marta Strandos har intervjua peikar på fleire årsaker til at informasjonen ikkje alltid føl pasienten. Tidsmangel, lite kjennskap ti overordna avtalar, ulike IT-system og mangel på rutinar og standardskjema, er noko av forklaringa. Sjølv om det finst papir som skal fyllast ut, så blir ikkje dette gjort i praksis fordi sjukepleiarane ikkje ser seg som ein del av det administrative systemet.

- Det blir nesten ein kulturkrasj. Sjølv om sjukepleiarane har den same utdanninga, så blir dei styrt av ulike ideologiar på arbeidsplassen. I kommunal helsetenesta står tankegangen kring omsorg sterkt, medan det på sjukehusa og i den statlege helsetenesta er snakk om behandling, forklarer Strandos.

- Vi må undersøkje desse årsakene og situasjonen nærare, slik at vi får meir kunnskap. Sett i lys av den komande samhandlingsreforma bør dette arbeidet prioriterast, seier Marta Strandos avslutningvis.

Her kan du lese heile masteroppgåva til Marta Strandos.


Sist endra: 29. april 2011 15:25:20