For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Hjartefrekvensen avslører oksygenopptaket

Ein student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane får testa sitt maksimale oksygenopptak under Forskingsdagane 2010. Forsking frå høgskulen syner no at toppidrettsutøvarar ikkje treng bruke dyr og avansert teknologi for å måle oksygenopptak.
Ein student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane får testa sitt maksimale oksygenopptak under Forskingsdagane 2010. Forsking frå høgskulen syner no at toppidrettsutøvarar ikkje treng bruke dyr og avansert teknologi for å måle oksygenopptak.

Toppidrettsutøvarar treng i alle fall ikkje lenger å måle oksygenopptak ved hjelp av maskiner og kostbar teknologi. Det syner ny forsking frå Roland van den Tillaar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Spesielt for toppidrettsutøvarar er det viktig å følgje med på oksygenopptaket under treningsøkter og sjå utviklinga. Å bruke avanserte måleinstrument er den mest brukte metoden, men det er også ein dyr, vanskeleg og upåliteleg måte å få tak i informasjonen på, seier Roland van den Tillaar.

Måler motorkapasitet

Saman med kollegaer frå Portugal har han forska på om hjartefrekvensen kan vere eit eigna verktøy for å gje like presise indikasjonar på oksygenopptak. Og han meiner svaret er ja.

Målingar av oksygenopptak gjev informasjon om kor mykje oksygen kroppen kan ta opp og utnytte i løpet av eitt minutt. – Det er positivt å ha ein stor motor, men det viktigaste er jo om ein klarer å utnytte den. Oksygenopptaket fortel deg i kva grad du klarer det.

No veit vi

- Det har vore gjennomført liknande studiar på mosjonistar og godt trena personar, men aldri på toppidrettsutøvarar. Funna våre tyder på at det er høg korrelasjon mellom hjartefrekvens og intensitetsnivået, også for dei, seier han.

Det har gjerne har vore gjengs oppfatning at det er eit slikt forhold mellom hjartefrekvensen og energiforbruket. – Men, det har aldri vore undersøkt for toppidrettsutøvarar før, legg van den Tillaar til.

Forskingsartikkelen er publisert i Journal of Sports Science and Medicine.


Sist endra: 02. mai 2011 08:18:18