Fagmiljøet innan geologi og geofare gjer seg gjeldande internasjonalt. Førsteamanuensis Helge Henriksen er medforfattar på ein av artiklane i serien til The Geological Society of London Special Publications.
Artikkelen står på trykk i eit spesialnummer om geofarar. Dei andre forfattarane på artikkelen er knytt til Norges Geologiske Undersøkelse, NGU. Lars Harald Blikra, som er professor II ved HiSF, er redaktør for boka. The Geological Society er ein stor internasjonal aktør når det kjem til publisering av høgkvalitets artiklar og forsking innan naturvitskapane.
Helge Henriksen har i fleire år delteke i ei gruppe under leiing av NGU, som har kartlagt moglege store fjellskred i Sogn og Fjordane. Forskarane har gått grundig til verks og teke i bruk satelittfoto, lese og høyrt på tidlegare forteljingar om farlege fjellsider og så har dei sjølvsagt inspisert området grundig sjølve. Dei har gjort grundige geologiske feltundersøkingar, i tillegg til moderne teknologiske metodar som satellitt- og lasermålingar.
- Vi har funne kring 30 område som kan karakteriserast som potensielt farlege. Kring ti av desse må følgje endå nærare, då det har vore noko rørsle i områda dei siste åra, fortel Helge Henriksen. Områda dei har fokusert på er stader der fjellskredet potensielt også kan føre til ei flodbølgje.
Han er klar på at det framleis vil ta år før dei kan kome fram til endelege konklusjonar om rørslene og den potensielle faren i områda. Frå 2005 har dei målt områda ein gang i året for å sjå etter teikn på rørsle. Artikkelen er resultat av bearbeiding av innsamla data gjennom desse åra. – Med alt materialet vi har samla inn, så har vi ganske god oversikt. Likevel har vi gjennom perioden stadig oppdaga nye område, og det er alltid noko usikkerheit knytt til kartlegginga, seier Henriksen. Han legg til at det er nærast umogleg å garantere at dei har full oversikt.
Framleis gjenstår ein del tolkingsarbeid for å finne ut kva dei registrerte rørslene faktisk betyr. – Det treng ikkje vere fare knytt til ei kvar rørsle. Eg skulle gjerne levd i 500 år til for å sjå kva som faktisk skjer i områda vi har studert, seier Henriksen.
Mykje av materialet er brukt i ei doktorgradsoppgåve ved NGU, men også studentane ved bachelorstudiet i Geologi og Geofare har gjort seg nytte av kartlegginga i bacheloroppgåvene sine. Denne studien og tematikken rundt går rett inn i dei mest sentrale emne i faget geofarar, og det er såleis veldig kjekt og bra at både vi som underviser og studentane har gjensidig nytte av forskinga vi driv.
Du kan lese meir om boka her. I fjor var Høgskulen i Sogn og Fjordane også godt representert i ei anna bok i same serie, då Mattias Paetzel var redaktør for ei utgåve med fjordar som tema.
Sist endra: 05. september 2011 13:34:17