For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Den perfekte turnmatta?

Ei turnmatte kan vere hard eller mjuk, men testar syner at utøvarane sine oppfattingar av mattene ikkje nødvendigvis stemmer overeins med dei fysiske eigenskapane. Foto: Flickr.com AKAthletics
Ei turnmatte kan vere hard eller mjuk, men testar syner at utøvarane sine oppfattingar av mattene ikkje nødvendigvis stemmer overeins med dei fysiske eigenskapane. Foto: Flickr.com AKAthletics

Du står med to turnmatter i handa. Den eine kjennest mjuk ut, medan den andre meiner du bestemt er hardare. Kan du stole på oppfatninga di?

Nei, ikkje i følgje studiane til Roland van den Tillaar. Han har saman med kollegaer frå Spania undersøkt faktisk skilnad i ulike turnmatter. Forskarane har også samanlikna desse funna med utøvarane sine oppfatningar av dei ulike mattene.

-For turnarar, så har eigenskapane til mattene utruleg mykje å seie. Med eit høgt tal landingar på mattene i løpet av ei treningsøkt, så får matteeigenskapane innverknad på om, i kva grad og korleis dei skadar seg, seier van den Tillaar.

På mjuke matter går føtene automatisk innover, noko som fører til større belastning og auka risiko for skadar.

Ny metode

I studien har dei undersøkt seks ulike matter, der tre av dei hadde eit ekstra lag med polstring. Først målte dei korleis beina reint fysisk opplevde trykket i landinga på dei ulike mattene. Ved hjelp av fleire sensorar under foten fekk dei ei detaljert oversikt over korleis dei ulike delane av fotsolen reagerte på mattene.

– Dette er faktisk ein av dei første testane i verda som har vurdert trykket så mange stader under foten på ein gang. Vi hadde 11 målepunkt, medan det vanlege kanskje er to punkt, fortel van den Tillaar.

Kan du stole på sansane dine?

Testane synte at det var fysisk mogleg å skilje dei ulike mattene frå kvarandre, og dei tre mattene med ekstra polstring kom best ut i testen.

Forskarane var nysgjerrige på korleis turnarane sjølve opplevde mattene. Karakteriserer dei matta som mjuk, behageleg eller hard? Og stemmer deira oppfatningar overeins med testane?

- Resultata tyder på at oppfatninga vår ikkje stemmer overeins med dei fysiske eigenskapane til mattene. Står du med ei matte i handa på butikken, og den kjennest litt for mjuk ut, så er det ikkje sikkert at den verkeleg er mjukare enn den matta du meiner er hard, forklarer van den Tillaar.

Han og resten av forskarane trudde utøvarane ville ha ei klar kjenslemessig gradering av mattene. – Det einaste vi tydeleg ser er at dei har ei meir positiv oppleving av mattene med ekstra polstring, og klarer å skilje desse frå dei mattene som er utan eit slikt ekstra lag, seier van den Tillaar til slutt.

Artikkelen er publisert i tidsskriftet Sports Biomechanics.


Sist endra: 04. mai 2011 08:55:01