For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Oppsummering utdanningsutvalet 12.05.12

Utdanningsutvalet hadde møte 15. mai og handsama ei rekkje saker om kvalitet i høgskulen sine utdanningar. Handsaminga av sakene er no i større grad basert på munnlege presentasjonar av instituttleiarar og andre nøkkelpersonar, noko som fungerer godt. Utvalet er svært innstilt på å utvikla seg i rolla som eit kompetent kvalitetsorgan i høgskulen.

Innleiingsvis på møtet orienterte opptaksleiar Arnstein Menes om studentrekruttering og årets søkjartal. Utviklinga er som kjent positiv, men dette har så langt ikkje slått ut i høgre inntakskvalitet i form av høgre poengsnitt hjå dei nye studentane. Høgskulen bør ha ei målsetjing om auka inntakskrav så sant rekrutteringssituasjonen tillet det.

Rådgjevar David Parmentier orienterte om høgskulen sitt prosjekt for å utvikla digital kompetanse. I vår har arbeidet med digital eksamen fått mykje merksemd og høgskulen reknar med å gå vidare med dette komande haust. Utvalet var mellom anna opptekne av korleis høgskulen kan påverka eksamensformene.

Instituttleiar Aud Marie Stundal orienterte utvalet om ny rammeplan for førskulelærarutdanninga og særskilt utfordringa som ligg i at HiSF skal vera nasjonal pilot for den nye utdanninga. Det nye tilbodet ved HiSF vert sett i verk frå komande studieår og er ei spanande utfordring og ei fjør i hatten for eit aktivt fagmiljø i høgskulen. I framlegget til ny rammeplan har utdanninga skifta namn til barnehagelærarutdanning.

Utdanningsutvalet hadde ein gjennomgang av framlegg til revidert Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HiSF, som blir sendt på høyring før sommaren. Utvalet var mellom anna klar på at høgskulen bør halda på kravet om at det skal vera eit sjølvstendig arbeid (bacheloroppgåve) i alle bachelorutdanningar ved HiSF.

Programansvarleg Eli Nummedal presenterte nye studieplanar for høgskulen sine ingeniørutdanningar i elektro. Både planen for det nye studiet i energi, elkraft og miljø og den reviderte planen for studiet i automatiseringsteknikk baserer seg på ny rammeplan for ingeniørutdanning.

Utdanningsutvalet handsama også revidert studieplan for master i organisasjon og leiing. Høgskulen sitt utdanningsutval har no fullmakt til å godkjenna endringar også i mastergradsutdanningar. Tidlegare måtte vi søkja NOKUT om godkjenning når det var tale om vesentlege endringar.

Møtet vart avslutta med å drøfta utfordringar knytt til høgskulen sitt kvalitetssystem og venta tilsyn med einskildutdanningar i høgskulen. Det ligg mange arbeidsoppgåver her mellom anna med å førebu NOKUT-tilsyn med kvalitetssystemet, som er venta i 2013. Det er også grunn til å rekna med tilsyn med mastergradsutdanningar og anna i løpet av dei næraste åra. Utdanningsutvalet ønskjer å utvikle eigen kompetanse for å styrke arbeidet med kvalitet i utdanningane ved HiSF.


Sist endra: 16. mai 2012 14:06:25