For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fou-utvalet

Mandat

Fou-utvalet er eit rådgjevande utval for rektor i saker som gjeld FoU-arbeidet ved høgskulen.

Utvalet skal:

  • bidra til at styret sine strategiske føringar på fou-området vert fylgd opp, og gje rektor råd om tiltak og strategiar som kan heve kvaliteten på HSF sitt fou-arbeid
  • initiere og stimulere til forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet, til vitskapleg publisering på høgt nivå og til allmennretta formidling av høg standard
  • bidra til utvikling av høgskulen sitt system for kvalitetssikring av fou-arbeid
  • bidra til at HSF deltek aktivt i samhandling med andre forskingsmiljø og fou-finansierande organ
  • bidra til utvikling av gode rammevilkår og støttefunksjonar for fou-arbeidet

Utvalet er delegert avgjerdsmynde i følgjande saker:

Samansetjing

FoU-utvalet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal ha ni medlemmer med følgjande samansetjing:

  • Viserektor for forsking, leiar
  • Fire tilsette i forsking og undervisningsstilling
  • Ein medlem frå stipendiatane
  • Ein ekstern medlem
  • To studentrepresentantar, der minst ein er masterstudent.

Sekretær: Viserektor for forsking er sekretær for utvalet.

Medlemmene av FoU-utvalet 2011 - 2015

Funksjonstid og oppnemning

  • Alle medlemmer med unnatak av stipendiaten og studentrepresentantane har funksjonstid fire år.
  • Funksjonstida for stipendiaten er to år.
  • Studentrepresentantane vert oppnemnde av Studentparlamentet med funksjonstid eitt år.
  • Rektor oppnemner øvrige medlemmer i utvalet.
  • Det er ikkje personlege varamedlemmer med unnatak av at rektor er vararepresentant for viserektor.


Sist endra: 12. januar 2012 09:03:08