HiSF er inkluderande arbeidslivsbedrift. Dette inneber rettar og pliktar både for høgkulen som arbeidsgjevar og den enkelte tilsette. Arbeidsgivar pliktar å ta initiativ til dialog, oppfølging og tilrettelegging for arbeidstakar. Tilsette pliktar og å bidra til den gode dialogen med opplysningar som bidreg til ei god funksjonsvurdering av den tilsette.
Viktige stoppunkt i oppfølging av sjukmeldeHer finn du ei oversikt over viktige avtalepunkt i arbeidet med oppfølging av sjukmeld arbeidstakar.
Frå 1. juli 2011 vart reglane for oppfølging av sjukmeldt arbeidstakar endra. Det er lagt opp til tettare oppfølging både for arbeidsgjvar og arbeidstakar.
Etter 9 veker sjukmelding skal arbeidsgjevar sende rapporteringsskjema til NAV. Saman med rapporteringsskjema skal også oppfølgingsplanen sendast. Utfylt skjema sendast til seksjon for personal og økonomi ved perosnalrådgjevar som sender vidare til NAV.
Når ein arbeidstakar er sjukmeld skal arbeidsgjevar og arbeidstakar lage ein oppfølgingsplan seianast innan fire veker. Planen skal seie noko om kva som skal til for at sjukmeld arbeidstakar kan vere heilt eller delvis i arbeid.
Vi har laga eit enkelt rekneark der du ved å fylle ut startdato for sjukmeldinga får opp datoane for viktige stoppunkt i samband med oppfølging av sjukmelde.
Sist endra: 06. november 2012 18:22:59