STIPENDIAT LIV NORUNN HAMRE
LANDSKAPSENDRINGAR I RURALE OMRÅDE (2002-(2006) 2008)
Prosjektansvarleg: Professor Ingvild Austad
Stipendiat: Liv Norunn Hamre
Problemstilling og målsetjing: Prosjektet er finansiert som eit KUF rekrutteringssstipend.
Målet med prosjektet er å påvise alder, kontinuitet og endringar i arealbruk, strukturar og vegetasjon som grunnlag for framtidig forvaltning. Hovuddelen av prosjektet er eit dr. grads arbeid med tittelen: Structural and land-use changes in a W Norwegian cultural landscape and their impact on plant populations and plant species composition and richness. Hovudmålet med dr. grads prosjektet er å få kunnskap om korleis overordna endringar på landskapsnivå påverkar vegetasjonen, både på habitat- og artsnivå. Studieområde er kulturlandskapet rundt Urnes stavkyrkje, som er ein av Norge sine objekt på UNESCO si verdsarvliste. Vi har valgt å setje fokus på hovudmålet gjennom fire delprosjekt, som vil ha fylgjande problemstillingar:
I) Å skildre og forklare dei landskapsendringane som har skjedd på Ornes frå 1865 og fram til i dag, og utvikle ein robust og nøyaktig metode for bruk av utskiftningskartet som kjelde til slike studium.
II) Å finne korleis artsrikdomen er fordelt i kulturlandskapet på Ornes. I tillegg finne ut kor viktige dei seminaturlege engene er for den totale artsrikdomen i området, og å finne eventuelle samanhengar mellom landskapshistorie, landskapsmønster og artsrikdom.
III) Å skildre og forklare samanhengen mellom miljøvariablar, historiske og romlege variablar og vegetasjonen i seminaturlege enger med ulik historie.
IV) Å teste effekten av gjengroing på demografi og populasjonsdynamikk hjå smalkjempe (Plantago lanceolata), som er ein vanleg art i kulturlandskapet.
Den andre delen av prosjektet har vore eit hovudfagsprosjekt i arkeologi, for å kunne datere oppstarten for jordbruket på Ornes (Lia 2005).
Status: Hovudfagsstudent Vibeke Lia fullørte sitt arbeid i 2005.
For dr. grads prosjektet er feltarbeidet avslutta, og deler av resultata har vore presentert på eit internasjonalt seminar. Ein vitskapleg artikkel er akseptert, og tre andre under utarbeiding. Målet er disputas i løpet av 2008.
Publisering:
Lia, V. 2005. Bruk og uttrykk gjennom tid i et kulturlandskap. Ornes i Luster. En arkeologisk landskapsanalyse med punktundersøkelser i innmark. Hovudfagsoppgåve i arkeologi, UIB.
Hamre, L.N., Domaas, S.T., Austad, I. & Rydgren, K. 2007. Land-cover and structural changes in a western Norwegian cultural landscape since 1865, based on an old cadastral map and a field survey. Landscape Ecology 10: 1563 – 1574.
Forventet publisering:
Sist endra: 10. mai 2008 12:06:44