Skriftserien til HiSF er eit tilbod til tilsette for å publisere rapportar og notat frå prosjekt og annan fagleg aktivitet. Rapportar og notat vert lagt i høgskulen sitt opne arkiv Brage.
HiSF-rapportar i Brage
HSF-rapportar kan det givast ut frå avslutta prosjekt, frå delar av større prosjekt, som kunnskapsrapportar o.l. Til rapportar vert det stilt særlege krav til godt språk, god struktur og disponering, god korrektur m.v.
HiSF-notat i Brage
HSF-notat er mindre publikasjonar som vi ønskjer skal bli eksternt spreidde eller vere tilgjengeleg eksternt og/eller internt Det kan vere sluttrapportar frå mindre og avgrensa prosjekt, seminarrapportar, foredrag, artiklar osv.
Alle rapportar og notat i skriftserien skal innehalde ei særskilt utfylt opplysningsside. Mal for desse finn du her:
Høgskulen har eigne rutinar for godkjenning, trykking m.v. Sjå Kvalitetshandboka for HiSF - publisering i skriftserien
Sist endra: 26. januar 2012 11:37:51