For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Korleis få ein artikkel publisert i fagfellevurderte tidsskrift?

Ringmerking av etasjemosen var ein sentral meotde for innsamling av datamateriale til forskinga, som seinare vart publisert i Journal of Ecology.

HSF har som mål å vere av høgskulane med mest vitskapleg publisering. Professor Knut Rydgren kjem med tips om kva som skal til for å få ein artikkel publisert.

Høgskulen får fou-midlar frå Kunnskapsdepartementet basert på mellom anna fou-produksjon i vitskaplege publiseringskanalar. Fagfellevurderte tidsskrift er kvalitetssikra av anonyme fagreferentar i forkant av publisering, og er for dei fleste forskarar den mest ettertrakta faglege publiseringskanalen. Men – det er mange om beinet, så korleis går ein fram for å få artikkelen publisert?

Ny kunnskap

- Først og fremst må ein orientere seg om kvar forskingsfronten er og så tenkje korleis ein kan kome med ny kunnskap i forhold til den, seier professor i vegetasjonsøkologi, Knut Rydgren. I løpet av si forskingskarriere har han publisert 40 fagfellevurderte artiklar. I tillegg kjem 32 artiklar i nordiske tidsskrift, vitskaplege rapportar og liknande.

Dei fagfellevurderte tidsskrifta på nivå 2, det vil seie dei ”beste” tidsskrifta på sitt felt refuserer ofte mellom 80 og 90 prosent av artiklane dei får inn. Artiklar som kjem gjennom nålauget og inn i desse tidsskrifta, blir lesne av mange og forskinga blir spreidd.

- Under arbeidet med den siste artikkelen fekk vi oss ein lærepenge. Vi sende inn manuskriptet til eit nivå 2 tidsskrift. Vi fekk ganske positiv tilbakemelding, og muligheit til å sende inn på nytt etter opprettingar. Ettersom redaktøren og dei to fagreferentane hadde kommentert mykje av det same valde vi å skrive eit ”samle-svar” og ikkje punktvis slik vi vanlegvis gjer. Dette likte ikkje den eine fagreferenten, som meinte at vi ikkje hadde svart på utfordringane hans. Konsekvensen av dette var at vi vart refusert, seier Rydgren.

1 ½ års arbeid hadde dermed ikkje ført fram. Om ein artikkel blir godteken eller ikkje avheng i stor grad av referentane og deira preferansar legg han til.

Ikkje gje opp!

Rydgren, som har lang erfaring med publisering, gav likevel ikkje opp. Sjølv om artikkelen ikkje vart godkjent, så hadde dei fått gode tilbakemeldingar og dei hadde fått utvikla teksten etter første runde. – Vi visste at kunnskapen om kjønnsbalansen hjå etasjemosen var nyskapande og viktig. Tidsskriftet vi så kontakta var interesserte, men utfordra oss til å gjere stoffet meir interessant på eit meir generelt grunnlag. Dermed måtte vi utvikle stoffet vidare og syne at funna våre er relevante for andre plantar og naturprosessar, seier Rydgren.

Etter 2 ½ år vart artikkelen om sporofyttar, kjønnsbalanse og etasjemose publisert i tidsskriftet Journal of Ecology, som også er eit såkalla nivå 2 tidsskrift.

- Mitt beste råd er å ikkje gje opp! Dersom du er trygg på at forskinga di bidreg med ny og viktig kunnskap, så går det nok til slutt. Det er dessutan mykje å lære gjennom rundane med tidsskriftene og fagreferentane, seier Knut Rydgren.


Sist endra: 21. oktober 2010 12:39:36