For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Kronikkar og medieoppslag 2011

Kronikkar Forskingsdagane 2011

Kronikkar i Firda og Sogn Avis av høgskulens tilsette i samband med Forskingsdagane 2011.

 
Angst hos barnehagebarn

Dette skriv høgskulelektor Kirsten Flaten om i ein artikkel i siste utgåve av tidsskriftet Første steg.

 
Sjukehus, økonomistyring og rekneskap

Sverre Høgheim er medforfattar av ein kronikk som hevdar at rekneskapsreglar frå privat sektor gjer økonomistyringa i sjukehusa uklar og udemokratisk. Klassekampen, Firda,Sogn Avis, Fjordabladet og Os- og Fusaposten har trykt kronikken.

 
Forskar på reparasjon av naturen

Sogn Avis skriv 20. september om forskingsprosjektet Econada, der Knut Rydgren og avdeling for ingeniør- og naturfag, er ein viktig samarbeidspart. Prosjektet har som mål å finne ut korleis ein på best mogleg vis kan reparere naturen etter inngrep og samtidig verne om stadstypiske artar. Bakgrunnen er dei nye krava i biomangfaldlova.

 
Advarer mot kulturhusfella

Trønderavisa har snakka med Georg Arnestad om kulturhus. Arnestad spår mellom anna at kulturhuset i Stjørdal ikkje vil stå klart i 2012 som planlagt, men tidlegast i 2015. Intervju med Trønderavisa, laurdag 10. september 2011.

 
Eit ”folkebibliotek-direktorat”?

Georg Arnestad spør kven som skal tale folkebiblioteka si sak det neste tiåret. I den kommunale valkampen er kulturområdet perifert. Folkebiblioteka, det snart einaste området som kommunen kan bestemme over utan at staten blandar seg inn, er det, paradoksalt nok, ingen som snakkar om. Med unntak av to debattmøte i haustens valkamp. Artikkelen stod på trykk i bok og bibliotek 07. september.

 
Kulturhusprosessen

Skal kulturhusa oppfylle dei mangesidige oppgåvene sine,må det kome betydeleg meir kommunal realisme inn i budsjettering av drifta i husa, skriv Georg Arnestad. Kronikken stod på trykk i Dagens Næringsliv 05. september 2011.

 
- Daffare valkamp utan rikspolitikarane

NRK Sogn og Fjordane har snakka med forskingsleiar på høgskulen, Georg Arnestad om den lokale valkampen. - Utan rikspolitikarar på besøk, ville valkampen i fylket blitt daffare, serier Arnestad. Publisert 17. august 2011.

 
Lite rabatt å hente

Foreldre med dårleg økonomi får lita hjelp til å få born inn i kulturskulan. – Kulturskular jamnar ikkje ut dei kulturelle klasseskilla, meiner kulturforskar Georg Arnestad. Artikkel publisert i Ballade.no 17. august 2011.

 
Spennande klimafunn

Sogn Avis skreiv 13. august 2011 om Matthias Paetzel og Torbjørn Dale, som har publisert ein artikkel i ei ny internasjonal fagbok som kan skapa diskusjon om klimaeffekten av CO2.

 
Forskar vil ha ny PST-sjef

Kronikken til Georg Arnestad skapte mykje mediemerksemd, og heftig debatt på nettet. Også NRK Sogn og Fjordane snakka med Arnestad om utspelet der han seier at PST-sjef Janne Kristiansen må gå av etter terroraksjonane i Oslo og på Utøvya. Publisert 08. august 2011

 
Det trengst ein ny PST-sjef

Georg Arnestad meiner det er på tide både med revisjonar og nytenking i Politiets Sikkerhetstjeneste. I ein kronikk i VG 08. august 2011 skriv han at det trengst ein ny og annleis PST-sjef til å leie arbeidet.

 
Forsker med flaskepost

Også Dagbladet har bite seg merke i Torbjørn Dale sine utradisjonelle forskings- og undervisingsmetodar.

 
Anestølen blir skredlaboratorium

Professor Stein Bondevik fortel til Sogn Avis 27. juli at området rundt Anestølen i Sogndalsdalen skal få automatisk skredforskingsutstyr for 500.000 kroner. Data frå dalen skal gje ny kunnskap om når jordskred vert utløyste.

 
Fekk att svar på utsend flaskepost

Som ein del av forskinga på havstraumar, har Dale og elevar ved høgskulen nytta ekskrusjonar til å senda i veg flaskepostar.Sogn Avis skreiv om den utradisjonelle forskings- og undervisingsmetoden 18. juli 2011.

 
Får ikkje fisk i fjorden lenger

I Gaupne er fiskarane uroa over dårleg fiske i fjorden, skriv Sogn Avis 13. juli. Marinbiolog ved høgskulen, Torbjørn Dale, trur det er fleire årsaker til nedgangen.

 
Moderne klyngjetun for spreke seniorar

Sogn Avis snakka 7. juli med professor Ingvild Auestad og høgskulelektor Lisbeth Dahle, om alternative bumiljø for dei over 50.

 
Står sterkare utanfor konsertsalane

Folkemusikken har opplevd ti feite år, uttalar kulturforskar Georg Arnestad til Klassekampen. 2. juli 2011 har dei ei sak om folkemusikk og landskappleik. Arnestad meiner folkemusikker står sterkast utanfor konsertsalane.

 
Kulturministrar og folkemusikk

Ingen kulturministrar har brunne for folkemusikken, men kanskje brenn Anniken Huitfeldts hjarte endå mindre. Det skriv Georg Arnestad i Bergens Tidende 21. juni 2011.

 
Kulturordføreren i Os

- Det kan godt hende at regjeringa sin idealordførar vil likne Terje Søviknes, seier kulturforsker Georg Arnestad til nettavisa Ballade.no 16. juni 2011.

 
Løper seg i form

Doktorgradsavhandlinga til Geir Kåre Resaland er omtala i VG 30.mai 2011. Han seier til avisa at noko av grunnen til at FYSAK-opplegget har fungert, er at det inkluderer alle elevane.

 
Biblioteket er det naturlege litteraturhuset

I Bok og Bibliotek 14. mai 2011, skriv Georg Arnestad at biblioteka rundt om i landet vil gjere seg godt som litteraturhus. Han skriv av norske kommunar og lokalsamfunn treng både fleire røyster og nye meiningsarenaer. Å utvikle slike arenaer bør verte ei prioritert oppgåve for norske folkebibliotek.

 
Sterk kritikk mot kulturministeren

Georg Arnestad er intervjua i Aftenposten 10. mai, om jobben til kulturminister Anniken Huitfeldt. Han samanliknar den kritiske mottakinga ho har fått med den tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland fekk i si tid.

 
Å gjøre det sunne valg til det enkle valg er et samfunnsansvar

I høve Verdas aktivitetsdag, har stipendiat Ane kristiansen Solbraa, skrive ein kronikk der ho oppmodar Sogndal kommune om å gjere endå meir for å få innbyggjarane i aktivitet. Kronikken stod på trykk i Sogn Avis 10. mai 2011.

 
Fløyelsrevolusjonen

Kultur-Noreg bør gå i seg sjølv og studere idrettens vellykka løyelsrevolusjon, meiner Georg Arnestad. I Bergens Tidende 17. april skriv han at kultur-Noreg sprikjer i alle retningar, og ikkje klarer å samle noko anna enn underskrifter.

 
Skal forska på gode resultat

Kvifor gjer elevane i Sogn og Fjordane det så bra? Her kan du lese Sogn Avis sin reportasje frå Lærarstemnet 2011, der professor Gjert Langfeldt la fram forskingsprosjektet som skal sjå nærare på dette emnet.

 
Syltetøystaden Sogndal?

I Dag og Tid 1. april kommenterer Georg Arnestad ein tidlegare reportasje i Dag og Tid, om arkitekturen i Sogndal og karakteristikken som Syltetøystad.

 
Vengeklipping

Georg Arnestad skriv i ein oppfølgingskommentar i Bergens Tidende, at avisa er med på å true ytringsfridomen til dagens kulturbyråkratar. Kommentaren stod på trykk 30. mars 2011

 
Ei trist førestelling

Georg Arnestad er kritisk til måten Bergens Tidende har handsama ei sak om byråkratar og ytringsfridom. Han meiner det er all grunn til å krevje både større vidsyn og openheit i BTs kulturredaksjon.Stor på trykk i Bergens Tidende 25. mars 2011.

 
Overflødig megling?

To eigedomsmeklingsstudentar, Elin Larsen Blø og Stephan Berg, hadde ein kronikk på trykk i Dagens Næringsliv 25. mars. Tema er dei nye krava til eigedomsmeklarar og Forbrukarrådet si rolle i debatten. I følgje kronikkforfattarane er det paradoksalt at Forbrukarrådet ynskjer strengare krav samstundes som dei går inn for at privatepersonar også kan selge eigen bustad.

 
Språkhistorie som samfunnshistorie

I Dag og Tid 18. mars følgjer Oddmund L. Hoel opp ein kommentar om innlegget han hadde i eit tidlegare nummer av avisa. Han presiserer her at språkhistoria må sjåast i nær tilknyting til samfunnshistoria.

 
Hvor fornybare kan vi bli?

Erling Holden skriv i eit innlegg i Dag og Tid, 18. mars, om fornybar energi. Han synleggjer arealbruken ved ein fullstendig overgang frå olje, kol og gass til fornybar energi.

 
Byråkratar som meiner

Georg Arnestad skriv i ein kronikk i Aftenposten 16. mars, at vi treng fleire dyktige og modige kulturbyråkratar.

 
Miljøgevinsten flyr vekk

Vårt Land 16. mars omtalar ein forskingsartikkel som Erling Holden har publisert saman med Kristin Linnerud ved CICERO. Forskinga deira tyder på av dei "grøne" familiane er flinke til å brette mjølkekartongar og gjere andre kvardagstiltak for miljøet. Samstundes reiser så mykje med fly at miljøgevinsten forsvinn.

 
Bedre varsling har reddet mange liv

Stein Bondevik vart intervjua av Bergens Tidende 12. mars om tsunamikatastrofa i Japan. Han fortel om korleis det nye varslingssystemet og arbeidet med det.

 
Folkebibliotek og kommunestruktur

Georg Arnestad er spaltist i Bok og Bibliotek. 11. mars skreiv han om kommunekartet i Noreg som er under endring. Færre og større kommunar byr på nye mulegheiter for folkebiblioteka. Om dei berre evnar å gripe sjansen, skriv Arnestad.

 
Militærpolitikk framfor målsak

Dag og Tid trykte 4. mars eit intervju med Oddmund L. Hoel og eit innlegg av han. I følgje Hoel er det for enkelt å halde andre verdskrigen ansvarleg for nynorsken sin tilbakegang.

 
By og land, mann mot mann

Oddmund L. Hoel hadde 3. mars eit innlegg om korleis urbanitet og hovudstad skapte problem for målreisinga i etterkrigstida. Innlegget stod på trykk i Bergens Tidende. Bladet Syn og Segn trykte også ei lenger utgåve av artikkelen i sitt første nummer i 2011.

 
60 livsviktige minutter

Geir Kåre Resaland sin studie om fysisk aktivitet får stor merksemd i eit bilag til Dagens Næringsliv om fysisk aktivitet.

 
Visjonslaus kulturpolitikk

Georg Arnestad seier til Klassekampen at den raudgrøne regjeringa ikkje har visjonar for kulturpolitikken. Les artikkelen som stod på trykk 6. januar 2011.

 


Sist endra: 05. mars 2012 10:52:28