Dersom du er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har skrive kronikk i løpet av året og ikkje ser kronikken på lista, send ein e-post med informasjon til evamf@hsf.no.
Forskingsdagane 2010Oddmund L. Hoel er intervjua i Dag og Tid om utkastet til ny, nynorsk rettskriving. Han meiner at striden om rettskrivinga er like gamal som nynorsken sjølv. Stod på trykk i Dag og Tid 17. desember 2010.
Ingvar Leiv Leknes argumenterer for at naturen og naturfaget må få ein breiare og sterkare posisjon i skular, barnehagar og i samfunnet elles enn kva som er tilfelle i dag. Debattinnlegget stod på trykk i Sogn Avis 14. desember 2010.
VG skriv om resultata frå KAN-undersøkinga om fysisk aktivitet blandt vaksne og eldre, der Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av forskarinstitusjonane. Jostein Steene-Johannessen meiner det må gjerast ein større innsats for å få folk til å vere fysisk aktive i kvardagen sin, om ein skal førebygge overvekt.
Biblioteka er den store taparen i den kommunale sektoren, skriv Georg Arnestad i ein kronikk i Aftenposten. Arnestad meiner det knapt er ein einaste kommunepolitikar som bryr seg om biblioteket. Stod på trykk 4. desember 2010.
Sølvi Marie Risøy ved avdeling for samfunnsfag, skriv om kva som regulerer selektiv abort og fosterdiagnostikk. Kronikken stod på trykk i Morgenbladet 3. desember og er skriven saman med Thorvald Sirnes ved Universitetet i Bergen.
Ane K. Solbraa skriv i sitt debattinnlegg i Sogn Avis at helsetenesten må gje pasientane eit tilfredsstillande helsetilbod, også når det gjeld fysisk aktivitet. Stod på trykk i Sogn Avis 30. november 2010.
Mari Engesæter følgjer opp sitt tidlegare debattinnlegg i Morgenbladet. Ho klargjer sine synspunkt og etterlyser meir forsking på eittåringane sine opplevingar i barnehagen, her og no. Stod på trykk i Morgenbladet 26.november 2010.
Nationen omtalar forskinga Inger Johanne Solheim har gjennomført om rollene til sosialklientar og sosialarbeidarar i mindre kommunar. Å vere sosialklient i ein slik kommune kan vere ekstra vanskeleg, sidan ein kan og må møte saksbehandlaren på møter i barnehagen og skulen eller på butikken. Publisert i Nationen 19. november 2010.
Anne-Grethe Halding, har saman med resten av Ressursgruppa for lungerehabilitering i Kols, skrive kronikk lungesjukdomen KOLS. Dei vektlegg betydninga av rehabilitering for pasientane. Stod på trykk i Firda 22. november 2010.
Mari Engsæter etterlyser meir forsking på korleis dei minste barna faktisk har det i barnehagen, i sitt debattinnlegg i Morgenbladet 12. novermber 2010. Ho etterlyser meir kunnskap om dei yngste sine opplevingar i barnehagen.
Dekan Gunnar Ytri skriv om soga til vernepleieutdanninga i fylket og på høgskulen, i ein kronikk i Sogn Avis og Firda. Historia til faget har vore prega av fleire drakampar, men kan no feire 20 år. Stod på trykk 09. november 2010.
Sverre Høgheim er forfattar av den siste kronikken frå høgskulen i samband med regionsenterkonferansen. Han føresler endringar i ferjetilbod og vegutbetringar som viktige tiltak for å styrke Sogn som region. Kronikken stod på trykk i Sogn Avis 16. oktober.
Kunnskap er ikkje utan vidare bunde saman med akademisk, vitskapleg basert kunnskap. Også akademikarar har først og fremst eit nytteorientert forhold til sin eigen kunnskap, skriv Roger Hestholm i ein kronikk i Bergens Tidende 14. oktober 2010.
Johannes Idsø ser i sin kronikk i Sogn Avis 13. oktober nærare på kva verdiskaping er. Korleis kan frukt og bær vere verdiskaparar? Del av artikkelserie i samband med regionsenterkonferanse.
Høgskulen har samarbeidd med Sogn Avis om ein kronikkserie i samband med regionkonferanse i Sogn. Direktør i Vestlandsforsking, Agnes Landstand, stiller mellom anna spørsmål om kva Noreg skal gjere for å få dei betalingssterke turistane til landet. Stod på trykk i Sogn Avis 11. oktober 2010.
Ståle Brandshaug sin kronikk om kva Sogn må gjere for å gjere reiselivet i Sogn meir lønsamt. Eit regionalt reisemålsselskap kan vere ei løysing, står det i kronikken i Sogn Avis 07. oktober 2010. Del av artikkelserie i samband med regionsenterkonferanse.
Kronikk frå professor Erling Holden ved HSF om dei enorme inngrepa i naturen som må til for å satse på fornybar energi. Stod på trykk i Dagbladet 06.oktober 2010.
Petter Erik Leirhaug sin kronikk om korleis ein skal vurdere elevar i kroppsøving. Innsatsen er ein del av kompetansen til eleven, og vil dermed kunne vere del av vurderingsgrunnlaget skriv han, Ann-Kristin Nilsen (HiB) og Trond Egil Arnesen (HSH). Kronikken stod på trykk 28. september i Haugesunds Avis.
Professor Oddbjørn Bukve tek opp spørsmål kring utviklingsstrategi for Sogn. Korleis ein skal utvikle etablerte næringar, styrke regionsenteret, infrastruktur og samspel er sentrale emne i kronikken som stod på trykk i Sogn Avis 05.oktober 2010. Del av artikkelserie i samband med regionsenterkonferanse.
Frode Olav Haara og Eirik S. Jensen sin kronikk i Klassekampen om inntoget av entreprenørskap i skulen. Publisert 28. september 2010.
Jon Helén Pedersen sin kronikk i Bergens Tidende om reformer i skulen. Undervisinga i etikk tener som døme for å syne problema med den skulepolitiske utviklinga dei siste åra. Stod på trykk 28. september 2010.
Ingvar Leif Leknes debatterer endringar i klima og dyreliv i Sogn, i eit debattinnlegg i Sogn Avis 18. september.
Sølvi Marie Risøy sin kronikk i VG 21. august engasjerte mange lesarar, og Risøy følgde opp med ein ny kronikk om ritual kring abortar. I kronikken publisert 30. august skriv ho at einskildpersonar sine fortellingar om seinabortar må informere debatten, ikkje stanse den.
Sølvi Risøy sin kronikk stod på trykk i VG 21. august 2010. Den problematiserer rituala kring det å ta abort.
Frode Olav Haara skriv i sin kronikk i Nationen 22. juli at fleire burde sleppe til med motorsag for å skaffe seg ved og rydde kulturlandskap. Haara føreslår at kommunane kan ta ansvar for å kople saman ivrige skogbruksamatørar og grunneigarar for å få rydda skog.
Kronikkforfattarane Frode Olav Haara og Eirik S. Jenssen tek i Dag og Tid 11. juni for seg quiz-kulturen. Quizane er der, mest overalt, i ei eller anna form. Kva er det med quizkonseptet som gjer det så populært, spør dei.
Frode Olav Haara og Eirik S. Jenssen tek for seg det norske språket i ein kronikk i Aftenposten 03. juni 2010. Dei meiner at skriving av sammensatte ord med mellomrom gjer det norske språket fattigare enn det faktisk er.
Marit Solheim skriv om einsemd - eit gamalt problem i ei ny tid, i Røde Kors si avis i Sogn og Fjordane for februar 2010.
Anne-Grethe Halding sin kronikk om dei som lev med kroniske sjukdomar stod på trykk i Helse Førde si informasjonsavis i februar. Ho skriv at pasientar med kroniske sjukdommar ikkje berre er mottakarar av helsetenester, men at dei også har ressursar som er viktige for helsevesenet og at desse bør delast med fleire. Kronikken står på side 19 i avisa.
Oddmund L. Hoel skriv i Bergens Tidende om Sogn og Fjordane. Hoel meiner folketalsfokusering og ulike variantar av sentralisering i fylket ikkje nødvendigvis vil løyse dei utfordringane fylket har. Kronikken stod på trykk i Bergens Tidende 28. januar og i nationen 30. januar 2010.
Sist endra: 13. oktober 2010 15:49:36