Fou-prisen ved HSF er ei belønning som vert tildelt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein spore til vidare innsats. Helge Henriksen er ein verdig mottakar av prisen.
Det var Georg Arnestad som delte ut prisen til Helge Henriksen på ei personalsamling i høgskulen torsdag den 15. januar.
Fou-utvalet peikar ut kven som skal motta prisen, som sist vart delt ut for fire år sidan.
Fou-prisen ved HSF er oppretta for å gi anerkjenning til fagpersonar eller fagmiljø ved HSF som har utført forskingsarbeid, utviklingsarbeid som held høge faglege mål i ein nasjonal og, om mogleg, internasjonal målestokk. Ved tildeling av prisen skal det leggjast særleg vekt på høg kvalitet av det utførte fou-arbeidet, samt at fou-arbeidet skal fremje den faglege profilen til høgskulen og utvikle fagmiljø knytt til høgskulen sitt studietilbod. Prisen er ei belønning som vert tildelt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein spore til vidare innsats. Prisen består av ein pengesum på kr 50 000 og ein diplom, som er eit vakkert grafisk trykk laga av kunstnaren Magne Vangsnes.
Det er høgskulens sentrale fou-utval som er prisnemnd og tildeler prisen. I år har nemnda teke utgangspunkt i desse kriteria: internasjonale forskingspublikasjonar med fagfellevurdering, fagleg oppdragsverksemd, deltaking i faglege nettverk og utvikling av fagmiljø.
Prisvinnaren
Årets prisvinnar skårar høgt på desse kriteria. Særleg gjeld dette internasjonal fagfellevurdert publisering i vitskaplege tidsskrift. Dei siste fire åra har prisvinnaren publisert seks slike artiklar. Han er med dette blant dei mest produktive forskarane ved HSF. Han har vore både eineforfattar og medforfattar, og publisert på nivå 1 og nivå 2. I heile si karriere ved HSF har prisvinnaren publisert i alt 15 av denne type artiklar. Utan å overdrive kan vi slå fast at dette er godt over gjennomsnittet elles på høgskulen.
Prisvinnaren har sidan han tok til ved HSF, også utført ei rekkje fou-prosjekt. Dei fleste av desse på oppdrag av ulike organ som Noregs forskingsråd, departement, direktorat, fylkeskommune, kommunar, ja, til og med eit bygdeutviklingslag er å finne på oppdragslista. Ekspertisen til prisvinnaren har vore etterspurt på ulike nivå, og han gjer alltid prosjekta sine ferdige med gode rapportar. Det ligg siste 20 åra føre meir enn 50 eksterne oppdragsrapportar. I dag er han meir etterspurt enn på lenge. For på det feltet prisvinnaren arbeider, er framtida usikker. Og folk vil gjerne ha forsking som kan redusere uvissa.
Prisvinnaren har vore ein aktiv deltakar på fagkonferansar i inn- og utland. Dei fleste papers og foredrag frå desse konferansane er veldokumenterte og publiserte i ulike rapportar og fagtidsskrift. Prisvinnaren har også ei imponerande liste med faglege artiklar i ikkje-vitskaplege publikasjonar, og han har siste åra også vist mange døme på god publikumsretta formidling av faget sitt. Dette inneber til og med utgiving av ei bok på eit nærverande forlag, med påfølgjande bokslepp. Ei kjekk oppleving for prisvinnaren.
Prisvinnaren er elles ein pliktoppfyllande kar med stor arbeidskapasitet. Han har derfor også teke på seg viktige oppgåver som å vere seksjonsleiar, styremedlem i HSF-styret, dekan for avdelinga si og medlem av faglege råd og utval på mange nivå. Men prisvinnaren er mest glad i faget sitt, og han har passa på og ikkje sitje med slike verv altfor lenge.
Årets prisvinnar tok dr.graden ved UiB for to år sidan. Han vart då den aller første ved HSF som disputerte for graden Ph.D. Avhandlinga hans dreidde mellom anna om det lokale og regionale. Ho hadde tittelen ”The Role of Local and Regional Variables in the Hydrogeology of the Solid Rocks of Fennoscandia”
Prisvinnaren er, som de no sikkert skjønnar, geolog. Og årets prisvinnar heiter:Helge Henriksen
Helge Henriksen er 59 år, og er i dag førsteamanuensis ved Avdeling for ingeniør, og naturfag, seksjon for geologi. Han er utdanna cand. real med hovudfag i geologi frå UiB 1979. Etter studia arbeidde han nokre år som konsulent i eit geologiselskap i Oslo. Han kom til SFdh i 1984, og har vore i Sogndal sidan. Henriksen disputerte for dr.graden i januar 2007. Han hadde stipend ved HSF i åra før disputasen. La meg òg slå fast at Helge er berggrunnsgeolog. Han arbeider med fast grunn eller ”Solid Rocks”, ikkje med lausmassar. For geologar er dette eit viktig skilje.
Helge er ein ekte bergensar, men han oppfører seg ikkje slik. Han er eit godt døme på at det finst bergensarar som framtrer heilt annleis enn t.d. Hans Wilhelm Steinfeld og hans like. Men lat dykk ikkje lure av dette. Helge Henriksen er ein bestemt mann, som veit kva han vil og kva han kan. Dessutan er han seig og uthaldande. Han er ein framifrå halvmaratonløpar, som spring fortare jo eldre han blir. I fjor sette han personleg rekord i halvmaraton med 1.47.46. Det er særs bra. Han er snart 60. Men han spring Esefjorden rundt fortare no enn han gjorde som 40-åring. Kor skal dette ende?
Helge Henriksen har høg forskingsaktivitet og publiserer mykje. Han har stor fagleg tillit og integritet. Han har brei geologisk kunnskap. Ekspertisen og kompetansen hans er etterspurt av mange. Og han er ein god kollega som mange set stor pris på.
Kjære Helge, gratulerer med ein velfortent fou-pris!
Sist endra: 19. januar 2009 08:48:19