Fou-prisen vart tildelt førsteamanuensis Knut Rydgren.
Ved tildelinga av prisen la leiar av prisnemnda, prorektor Ole Kleiven, vekt på følgjande:
Fou-prisen ved HSF vert i år delt ut for sjette gong. Prisen for godt FoU-arbeid er oppretta for å gi anerkjenning til fagpersonar eller fagmiljø ved HSF som har utført forskingsarbeid, utviklingsarbeid og/eller kunstnarleg utviklingsarbeid som held høge faglege mål i ein nasjonal og internasjonal målestokk. Ved tildeling av prisen skal det leggjast særleg vekt på høg kvalitet av det utførte FoU-arbeidet samt at FoU-arbeidet skal fremje den faglege profilen til høgskulen og utvikle fagmiljø knytt til høgskulen sitt studietilbod.
Prisen er ei belønning som vert tildelt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein spore til vidare innsats. Prisen består av ein pengesum på kr 30 000, ein diplom/grafisk trykk laga av kunstnaren Magne Vangsnes.
Prisnemnd
Nemnda som har tildelt prisen, har bestått av: Ole T. Kleiven, prorektor og leiar av nemnda, Avdeling for helsefag, Leif Hauge, førsteamanuensis, Avdeling for ingeniør- og naturfag, Ingrid Fossøy, førstelektor, Avdeling for lærarutdanning og idrett og Jan Olav Fretland, førsteamanuensis, Avdeling for lærarutdanning og idrett. Sekretær for nemnda er fou-leiar Georg Arnestad.
Kriterium
Ved tildelinga av prisen har nemnda teke utgangspunkt i følgjande kriterium: internasjonale og nasjonale publikasjonar, invitert forskingsverksemd, utvikling av fagmiljø, rettleiing av doktor- og mastergradsstudentar, og deltaking i komitear for utvikling og/eller evaluering av forskingsområde.
Prisvinnar
Årets prisvinnar skåra høgt på dei fleste av desse kriteria, men i år har nemnda lagt særskilt vekt på det første kriteriet - internasjonal vitskapleg publisering på høgt nivå. Prisvinnaren har eit sterkt internasjonalt fokus i si forsking og når det gjeld publisering i anerkjende internasjonale tidsskrift, er han ein av dei mest produktive forskarane ved Høgskulen i Sogn og Fjordanene. Han er òg ein dyktig forskingsentreprenør med høg tillit i det nasjonale forskingssystemet innanfor sitt felt. Han har vist stor evne til å popularisere eigne forskingsresultat, og har i løpet av dei siste åra ei lang rekkje publikasjonar i nasjonale populærvitskaplige tidsskrift. Han har i tillegg også bidrege svært aktivt til oppbygging og utvikling av forskingsmiljøet ved si avdeling og med deltaking i/leiing av større fou-prosjekt og rettleiing av doktorgradsstudentar. Han er ein svært kvalifisert kandidat til fou-prisen ved HSF.
Fou-prisen for 2004 vert med dette tildelt Knut Rydgren
Knut Rydgren er i dag tilsett som førsteamanuensis ved Avdeling for ingeniør- og naturfag ved HSF. I 1982 starta han si høgare utdanning ved SFdh, og heldt fram med vidare studiar ved Universitetet i Oslo, der han tok hovudfag i 1989. Etter avslutta hovudfag arbeidde Rydgren på prosjekt ved Norsk institutt for naturanalyse (NINA) og seinare ved Norsk institutt for jord og skogbruksforsking (NIJOS). Han starta sitt doktorgradsarbeid i 1993, og disputerte i 1997 på problemstillingar knytte til eksperimentelle studiar av plantepopulasjonar i boreal barskog.
Rydgren kan vise til ein omfattande vitskapelig produksjon der fleire arbeid er publisert i dei aller fremste vitskapelige fagtidsskrifta innanfor fagfeltet økologi. Mellom anna har han fleire publikasjonar i det velrenommerte amerikanske tidsskriftet Ecology. Forutan å vere referee for ei rekkje fagtidsskrift, vert han òg nytta som referee på søknader til Norges forskingsråd og det østerrikske forskingsrådet.
Rydgren er i dag studieleiar for studiet i Landskapsplanlegging. Han er ein stor faglig kapasitet som viser evne og vilje til å bygge eit sterkt fagmiljø. Hans bidrag til fagmiljøet ved AIN representerer ei vitalisering og vidareutvikling av forskinga på kulturlandskap ved Seksjon for landskapsøkologi. Han har i tillegg solid erfaring med bruk av statistiske analysar, og blir ofte nytta på avdelinga for å kvalitetssikre kollegaer sine statistiske metodar og arbeid. Han deltek i prosjekta ved avdelinga med stor tyngde og entusiasme, og han bidreg dermed til å heve kvaliteten på andre kollegaer sine arbeid.
Rydgren er rettleiar for tre doktorgradsstudentar ved avdelinga. Den breie forskingsfaglege erfaringa han innehar, særleg hans kunnskap om metodebruk, statistikk og moderne plantepopulasjonsbiologi har gjort han til ein svært verdifull medarbeidar i fagmiljøet. Rydgren har òg vist stor evne til å popularisere eigne forskingsresultat. Han er dessutan engasjert i lokalt naturvernarbeid, og har i den samanheng skrevet fleire artiklar i fagtidsskrift og avisinnlegg.
På avdelinga hans seier dei at det einaste aberet med Knut – det er at han er ein ihuga Lillestrøm-supportar.
Kjære Knut; gratulerer med ein velfortent fou-pris.
Ole T. Kleiven
leiar av tildelingsnemnda
Sist endra av: Berit Amundsen, 31. august 2006 08:53:55
Publisert av: Berit Amundsen, 31. august 2006 08:51:17