For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Writing for Scholars - vil du bli ein betre vitskapleg skribent?

Til hausten har vi engasjert den erfarne skribentlæraren Lynn P Nygaard til å halde eit todagars skrivekurs for HSF-tilsette.

Vitskapleg publisering vert vektlagt meir enn nokon gong før i dagens akademia. Siste åra har HSF tapt terreng her. Fou-utvalet vil setje i verk fleire tiltak for å endre denne situasjonen.

Som eit første tiltak skipar vi til eit todagars kurs i vitskapleg skriving. Kurset vert arrangert tys 20 og ons 21 oktober. Kurshaldar er den erfarne skribenten Lynn P Nygaard. I fjor gav ho ut boka "Writing for Scholars", ei bok som har fått svært god omtale.

Kurset vårt går over to intensive dagar. Sjå meir om dette i kursopplegget. Kurset har 12 plassar.

Kurset høver best for dei som har noko erfaring frå vitskapleg skriving og publisering, og som ønskjer å utvikle skriveferdigheitene.

Påmelding til Georg Arnestad innan 1. juni.

Dersom det er mange som melder seg på, vil vi prøve å få til eit nytt kurs våren 2010.


Sist endra: 19. mai 2009 19:45:59