For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Vestlandsregion - kva no?

Regionreforma smuldra vekk i inkjevetta. Vestlandet består som før. Men kva skjer med Vestlandsregionen? Dette er tema for ein konferanse i Bergen tysdag 25. november.

Universitetet i Bergen har eit eige tverrgåande strategisk satsingsområde på temaet "Region og regionalisering". Tysdag 25. november inviterer UiB til Vestlandskonferanse i Bergen med overskrifta "Vestlandet - kva nå?" Same dag skipar for øvrig UH-Nett Vest til sin vestlandskonferanse om lærarutdanning; også i Bergen...

Dagskonferansen om regionalisering handlar eigentleg ikkje om regionreforma, men om kvifor resultatet blei som det blei, samt om vegen vidare for ein vestlandsregion. Konferansen vil altså ha eit særskilt fokus på Vestlandet, med eit overordna nasjonalt og nordisk/europeisk perspektiv. Kva er stoda for regionstanken i Norden og Europa i dag? Kvifor mislukkast dei regionale byggmeistrane i Noreg? Kven er motkreftene og kva er grunngjevinga for eit nei til større regionar? Er landsdelsregionar som politikk- og forvaltningseiningar meir langsiktige prosjekt? Kva må til for å byggje slike regionar?

Sjå her for konferanseprogrammet. HSF er representert i den avsluttande paneldebatten med fou-leiar Georg Arnestad. Her deltek også rådmann Anna Elisa Tryti i Naustdal kommune.


Sist endra: 04. november 2008 20:10:10