For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Tverrfagleg forsking

- salbar pynt i oppdragsforskinga eller eit brot med disiplintenkinga? Innlegg frå seminaret som vart gjennomført 18. august 2008 på Campus Sogndal

Bakgrunnen for seminaret er at Vestlandsforsking og Høgskulen treng å utvikle sin tverrfaglege basis. Det er fleire grunner for eit slikt behov:

  • Oppdragsforsking krev ofte ei tverrfagleg tilnærming for å vere relevant.
  • Fleire av våre arbeider tenderar mot aksjonsforsking, ein forskingsstrategi som i seg sjølv er tverrfagleg.
  • Kvalifiseringsarbeid, som t.d. doktorgrad, vil ofte ha ei tverrfagleg tilnærming ut frå dei empiriske spørsmål vi arbeider med.

Samstundes er mykje av teorilitteraturen disiplinorientert og auka krav til publisering kan stimulere disiplintenkinga.

  • Korleis kan vi forankre tverrfaglig arbeid vitskapsteoretisk?
  • Korleis kan vi bidra til tverrfaglig tenking mellom fagdisiplinane?
  • Kva krav set tverrfaglig arbeid til metodisk tilnærming?

Dette var nokre av spørsmåla seminaret reiste.

Målgruppa for seminaret var tilsette ved Vestlandsforsking og Høgskulen. Programmet bestod av tre presentasjonar:

Kontaktperson:
Eivind Brendehaug
Vestlandsforsking, ebr@vestforsk.no
tlf: 57676170, mob: 95191752


Sist endra: 01. desember 2008 18:37:30